Französische Suiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Französische Suiten (Franske suitar), BWV 812-817, er ei samling av seks suitar som Johann Sebastian Bach skreiv for klaver (cembalo eller klavikord) mellom 1722 og 1725.[1]. Suitane vart seinare gjeven namnet «Fransk» (først nytta av Friedrich Wilhelm Marpurg i 1762) for å skilje dei frå Englische Suiten. Namnet vart popularisert av Bach-biografen Johann Nikolaus Forkel, som skreiv i biografien sin om Bach frå 1802, «Ein kallar dei vanlegvis Franske Suitar fordi dei vart skriven på ein fransk måte.»[1] Dette er derimot ein upresis påstand. Som dei andre suitane til Bach, følgjer dei i stor grad den italienske forma.[2].

Det finst ikkje noko original manuskript av desse suitane og ornamenteringa varierer frå kopi til kopi.[1]

To tilleggssuitar, ein i a-moll (BWV 818), og ein annan i Ess-dur (BWV 819), er knytt til dei kjende seks suitane i nokre manuskript. Ouverture i fransk stil, BWV 831, som Bach publiserte som den andre delen av Clavier-Übung, er ein suite i fransk stil, men som ikkje er knytt til Franske suitar.[3]

Dei franske suitane[endre | endre wikiteksten]

Suite No. 1 i d-moll, BWV 812[endre | endre wikiteksten]

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Menuett I/II
  5. Gige

Sjølv om suitane 1-4 er typisk datert til 1722, er det mogeleg at denne suiten vart skriven noko tidlegare.[1]

Suite No. 2 i c-moll, BWV 813[endre | endre wikiteksten]

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Air
  5. Menuett
  6. Menuett - Trio (i BWV 813a)
  7. Gige

Suite No. 3 i h-moll, BWV 814[endre | endre wikiteksten]

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Menuett
  5. Trio
  6. Anglaise—Bach kalla opphavleg denne satsen Gavotte (ein dans som liknar mykje på Angloise). Han kan ha endra namnet fordi satsen manglar den karakteristiske oppslaget til gavotten.[1]
  7. Gige

Suite No. 4 i Ess-dur, BWV 815[endre | endre wikiteksten]

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Gavotte
  5. Air
  6. Gige

Suite No. 5 i G-dur, BWV 816[endre | endre wikiteksten]

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Gavotte
  5. Bourrée
  6. Loure
  7. Gige

Dei første taktane I denne suiten vart skriven I 1722, men ikkje gjort ferdig før i 1723.

Suite No. 6 i E-dur, BWV 817[endre | endre wikiteksten]

  1. Allemande
  2. Courante
  3. Sarabande
  4. Gavotte
  5. Polonese
  6. Bourrée
  7. Menuett
  8. Gige

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Bach. The French Suites: Embellished version. Barenreiter Urtext
  2. Christophe Rousset, om innspelinga av French Suites, Ambroisie AMB9942
  3. Hans-Joachim Schulze, The French Influence in Bach's Instrumental Music, Early Music, 13:2, 1985 (J. S. Bach Tercentenary Issue, 180-184.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]