Sarabande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rytmen i ein sarabande.
La Sarabande (1895). Måleri av Ferdinand Roybet.

Sarabande (italiensk sarabanda) er ein dans i tredelt takt. Han er først nemnd truleg i Sentral-Amerika, og var på 1600- og 1700-talet ein selskapsdans i Spania.

Eldste skriftlege omtalen av dansen me kjenner er frå 1539, då ein dans kalla zarabanda er nemnt i eit dikt skrive i Panama av Fernando Guzmán Mexía.[1] Det ser ut til at dansen vart populær i dei spanske koloniane før han flytta tilbake over Atlanterhavet og til Spania. Medan han vart forboden i Spania i 1583 for å vere uanstendig vart han ofte nemnt i litteraturen for denne perioden, mellom anna av Cervantes og Lope de Vega.

Sarabanden vart stort sett dansa i eit sakte tempo i 3/2 eller 3/4 takt. Det andre taktslaget vert særleg vektlagt. I barokkmusikken vart dansen ein tradisjonell sats i ein suite, som regel mellom couranten og gigen.

Musikkforma blei gjenoppliva sist på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet av komponistar som Debussy og Satie og, i ulik stil, av Vaughan Williams i Job og Benjamin Britten i Simple Symphony.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard Hudson: «Sarabande», New Grove Online (krev betalt tilgang).