Free Man in Paris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Free Man in Paris
Song av Joni Mitchell
frå albumet Court and Spark
Utgjeve Januar 1974
Innspelt 1973
Sjanger Folk jazz
Lengd 3:02
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell

«Free Man In Paris» er ein song skriven av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Han vart gjeven ut i 1974 på albumet Court and Spark, og på konsertalbumet Shadows and Light. Songen er ein av dei mest kjende songane hennar[treng kjelde]. Songen handlar om musikkagenten David Geffen, ein nær ven av Mitchell tidleg i 1970-åra og skidldra Geffen under ei reise Geffen og Mitchell gjorde til Paris med Robbie og Dominique Robertson.[1] «Free Man in Paris» nådde 22. plassen på singellista i USA og andreplassen på Easy Listening-lista.[2]

I 1970-åra vart ein instrumentalversjon av songen nytta som kjenningsmelodi for CBC Television sitt The Saturday Evening News.

«Free Man In Paris» har vorte spelt av andre artistar som Neil Diamond, Sufjan Stevens, Adrienne Young, Phish og JoJo.[3] Han er rangert på 470. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene frå 2004, men var ikkje med på den oppdaterte lista deira frå 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joni Mitchell looks at both sides now: her hits -- and misses, by Robert Hilburn, Los Angeles Times, 7 December 1996.
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 172. 
  3. http://phish.net/setlists/?d=2010-06-25

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]