Court and Spark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Court and Spark
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve Januar 1974
Innspelt 1973
Sjanger Folkjazz, folkrock
Lengd 36:58
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
For the Roses
(1972)
Court and Spark Miles of Aisles
(1974)

Court and Spark er det sjette studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Det kom ut i januar 1974 og her blanda ho folkrock-stilen sin, som ho hadde utvikla over dei fem førre albuma, med påverknader frå jazz. Det er eit lett tilgjengeleg og kommersielt album og vart ein stor suksess både kommersielt og hos kritikarane. Albumet nådde andreplassen i USA og gjekk heilt til topps i heimlandet Canada. Det selde til slutt til dobbelt platinaalbum i USA, det mestseljande albumet hennar gjennom karrieren.[1] I 2003 vart det plassert på 111. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1973 var dt første året sidan Mitchell starta karrieren sin der ho ikkje gav ut eit nytt album. Det førre albumet hennar For the Roses kom ut i november 1972 til god kritikk og selde godt. Så Mitchell valte å bruke det neste året på å skrive og spele inn eit nytt album, der ho utforska den nye interessa si for jazz. I løpet av 1973 heldt ho langt færre konsertar enn tidlegare. Ho spelte i april ein veldedigheitskonsert i Sir George Williams University Auditorium og to gonger i august i The Corral Club, i lag med Neil Young. Ho brukte det meste av året i platestudio, der ho spelte inn Court and Spark. Til slutt i desember gav Reprise ut ein ny singel, den første på over eit år, «Raised on Robbery». Publikum vart teken på senga over at Mitchell hadde gjeve ut ein rock'n'roll-song i 1950-talsstil. Singelen nådde berre 65. plass i USA, kanskje på grunn av den nye, uventa retninga hennar.

Court and Spark kom ut i januar 1974. Kritikarane og tilhengjarane tok varmt i mot albumet, og den neste singelen hennar, «Help Me», som kom ut i mars, oppnådde stor suksess. Han vart mykje spelt på radio og vart den første og einaste Topp 10-plasseringa hennar på Billboardlista, då singelen nådde 7. plass den første veka i juni. Court and Spark selde særs godt og nådde 2. plass på Billboardlista, og låg der i fire veker. Albumet vart det mestseljande albumet til Mitchell.[3]

Ærevisingar[endre | endre wikiteksten]

  • 27. februar 1974 hadde Court and Spark seld til gullplate.[4]
  • i 1974, vart Court and Spark stemnd fram som årets album i The Village Voice av kritikarane.
  • i 2003, vart Court and Spark rangert på 111. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
  • i 2006, vart Court and Spark inkludert i 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, bortsett frå der andre er nemnde.. 

# Tittel Lengd
1. «Court and Spark»   02:46
2. «Help Me»   03:22
3. «Free Man in Paris»   03:02
4. «People's Parties»   02:15
5. «Same Situation»   02:57
6. «Car on a Hill»   03:02
7. «Down to You»   05:38
8. «Just Like this Train»   04:24
9. «Raised on Robbery»   03:06
10. «Trouble Child»   04:00
11. «Twisted» (Opphavleg spelt av Lambert, Hendricks & Ross) 02:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joni Mitchell - vokal, inkludert korvokal; akustisk gitar; piano; clavinet på «Down to You»
  • John Guerin - trommer og perkusjon
  • Wilton Felder - Bass
  • Max Bennett - Bass på «Trouble Child»
  • Jim Hughart - Bass på «People's Parties» og «Free Man in Paris»
  • Milt Holland - Klokkespel på «Court and Spark»
  • Tom Scott - Treblåseinstrument og treblåsarar
  • Chuck Findley - Trompet på «Twisted» og «Trouble Child»
  • Joe Sample - Elektrisk piano, clavinet på «Raised on Robbery».
  • David Crosby - korvokal på «Free Man in Paris» og «Down to You»
  • Graham Nash - korvokal på «Free Man in Paris»
  • Susan Webb - korvokal på «Down to You»
  • Larry Carlton - Elektrisk gitar
  • Wayne Perkins - Elektrisk gitar på «Car on a Hill»
  • Dennis Budimir - Elektrisk gitar på «Trouble Child»
  • Robbie Robertson - Elektrisk gitar på «Raised on Robbery»
  • José Feliciano - Elektrisk gitar på «Free Man in Paris»
  • Cheech Marin - Bakgrunnsstemme på «Twisted»
  • Tommy Chong - Bakgrunnsstemme på «Twisted»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]