Big Yellow Taxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Big Yellow Taxi
Singel av Joni Mitchell
frå albumet Ladies of the Canyon
Utgjeve 1970
Innspelt 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 2:16
Selskap Warner Bros. Records
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell

«Big Yellow Taxi» (Stor gul drosjebil) er ein song skriven og framført av Joni Mitchell i 1970. Det vart ein stor hit i heimlandet Canada (#14), samt i Australia (#6) og Storbritannia (#11). Han nådde berre 67. plass i USA i 1970, men vart ein større hit for henne med ein konsertversjon i 1975, som nådde 24. plass.   The Neighborhood si utgåve av songen nådde òg hitlista i USA i 1970 med ein 29. plass. I tillegg har Maire Brennan, Amy Grant og Counting Crows hatt hitversjonar av songen.  

Mitchell si utgåve[endre | endre wikiteksten]

  Mitchell fekk ideen til songen under ei reise til Hawaii. Ho såg ut av hotellvindauget mot den vakre naturen med Stillehavet og fjella i bakgrunnen, og så ned på ein parkeringsplass.   Mitchell snakka om songen til journalist Alan McDougall tidleg i 1970-åra:

« Eg skreiv 'Big Yellow Taxi' på den første reisa mi til Hawaii. Eg tok ein taxi til hotellet og då eg vakna morgonen etter, drog eg gardinene frå og såg desse vakre grøne fjella i horisonten. Så så eg ned og der var ein parkeringsplass så langt auga kunne sjå, og det såra hjartet mitt... denne skampletten i paradis. Så eg sat meg ned og skreiv songen.[1]  »

  Songen er kjend for miljøbodskapet (frå teksten «They paved paradise to put up a parking lot» - «Dei asfalterte paradis og bygde ein parkeringsplass», «Hey farmer, farmer, put away that DDT now» - «Hei, bonde, bonde, legg frå deg den DDTen no») og den sentimentale stilen. Linja «Took all the trees, put 'em i a tree museum/And charged the people a dollar and a half just to see 'em» syner til Foster Botanical Garden i sentrum av Honolulu, som er ein botanisk hage av tropiske planter, somme sjeldne og utryddingstrua.[2]   Den originale innspelinga til Mitchell vart først gjeven ut som singel og kom sidan ut på albumet Ladies of the Canyon i 1970.  Ein seinare konsertversjon vart gjeven ut i 1975 og nådde 24. plass i USA. Den leikande teksten til Mitchell har gjort songen til ein av dei mest kjende songane hennar, og vert framleis mykje spelt på radio. I 2005 vart songen kåra til den 9. beste kanadiske songen gjennom tidene.   I 2007 gav Joni Mitchell ut albumet Shine som inneheld ei nyinnspeling og omarrangering av songen.  

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Don't it always seem to go
That you don't know what you've got till it's gone
They paved paradise and put up a parking lot

Joni Mitchell

More lyrics: http://www.lyricsfreak.com/j/joni+mitchell/#share

Mange andre artistar har spelt songen, mellom andre Amy Grant, Melanie (Melanie Safka), Counting Crows med og utan Vanessa Carlton, Sandi Thom, Kaya, Pinhead Gunpowder, Paul Tillotson, Moya Brennan, Keb Mo, Chris Thomas King, Keren Ann, acappellakvintetten Toxic Audio, Bob Dylan, Green Day, The Tragically Hip og Jack JohnsonTracy Chapman har spelt songen på mange av konsertane sine.  

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

  • Ei singelutgåve av vokalgruppa The Neighborhood nådde 29. plass i USA sommaren 1970.
  • Bob Dylan spelte inn songen under innspelinga av albumet New Morning i 1970, men han kom ikkje ut før i 1973 på samleplata Dylan. Han skreiv noko om teksten der taxien vart ein bulldosar som «took away the house and land».
  • Joe Dassin skreiv om songen til fransk som «Le Grand Parking».

 

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

  • Opningssporet «Lies (through the 80's)» på albumet Chance av Manfred Mann's Earth Band inneheld tekst og melodi frå songen.
  • Ein langsam jazzversjon finst på eit album av B.B. Gabor.
  • Det vert vist til songtittelen av Janet Jackson på singelen hennar «The Pleasure Principle» frå albumet Control frå 1986.

 

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

  • I 1993 gav Máire Brennan ut songen som singel med tilhøyrande video. Songen vart ein hit i fleire land.[3]
  • I 1994 spelte punkrockbandet (og sideprosjektet til Green Day-medlemmet Billie Joe Armstrong) Pinhead Gunpowder songen for debutalbumet Jump Salty.
  • I 1995 gav Amy Grant ut ein versjon av «Big Yellow Taxi» som vart mykje spelt på radio i både USA og Storbritannia. Singelen nådde 67. plass i USA og 20. plass i Storbritannia. Grant laga òg musikkvideo til songen.
  • I 1996 gjekk «Big Yellow Taxi (Traffic Jam Mix)» opp til 39. plass på den amerikanske danselista og vart gjeven ut på musikken frå fjernsynsserien Friends.
  • Songen vert sampla i Janet Jackson og Q-Tip-songen «Got 'Til It's Gone» frå Jackson sitt The Velvet Rope frå 1997.

 

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hilburn, Robert (1996-12-07), Joni Mitchell looks at both sides now: her hits -- and misses, http://archive.southcoasttoday.com/daily/12-96/12-07-96/b01ae065.htm, henta 19. januar 2011 
  2. Mattison, Shane. «Tree museum». Lyric Glossary. JoniMitchell.com. Arkivert frå originalen den 2008-06-16. http://web.archive.org/web/20080616114102/http://www.jonimitchell.com/research/g_entry.cfm?id=42. Henta 20. januar 2011. 
  3. Misty Eyed Adventures.

 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]