Gällivare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 67°8′0.34080″N 20°39′3.1104″E

Gällivare jernbanestasjon

Gällivare (finsk: Jällivaara, nordsamisk: Jiellevárre og Váhčir, meänkieli: Jellivaara) er ein tettstad som ligg i Norrbottens län i landskapet Lappland i Sverige. Det er administrasjonssenter i Gällivare kommun og i 2005 hadde tettstaden 8 480 innbyggjarar.

Staden er eit jernbaneknutepunkt mellom Inlandsbanan og Malmbanan. Som for nabobyen Malmberget, har gruvedrifta òg vore viktig for utviklinga av Gällivare.

Inlandsbanan er ein jernbane som strekkjer seg frå Gällivare i nord til Östersund i sør, og blir trafikkert i sommarsesongen. Malmbanan er den jernbanen som sørgjer passasjer- og malmfrakt til og frå hamnene i Narvik og Luleå.

Like ved ligg Dundret, eit fjell med tilhøyrande skianlegg, der det mellom anna er blitt halden verdscuprenn i langrenn og alpint. Junior-VM i nordiske greiner blei arrangert der i 1995. Anlegget er, avhengig av sesongvêr, ope frå 1. november til 30. april.

I tillegg til kommunen er Boliden AB og LKAB dei største arbeidsgjevarane i Gällivare.

Den største solcellefabrikken i Nord-Europa finst her. European Energy School – Energigymnaset – blei opna i 2008, og underviser studentar frå heile Sverige.

Gällivare er eit senter for vestlæstadianismen. Årleg blir det arrangert «Gällivare julesamling» med deltakarar frå Finland, Sverige, Canada, USA, Noreg og andre land. Gudstenesta blir tolka til engelsk og finsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]