Meänkieli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meänkieli
(meänkieli)
Klassifisering: Finsk-ugrisk
 Austersjøfinsk
  Finsk
Bruk
Tala i: Sverige, Finland
Meänkielitalande i alt: 40 000-70 000
Offisiell status
Offisielt språk i: Offisielt anerkjend minoritetsspråk i Sverige
Språkkodar
ISO 639-3: fit

Meänkieli, eller tornedalsfinsk, er det språket som utvikla seg i den delen av finskspråkleg Nordkalotten som vart att i Sverige etter at Finland vart ein del av Russland i 1809. Sjølve ordet meänkieli tyder 'vårt språk' (ordet for 'vårt' ville på finsk ha vore meidän), og det vart frå gammalt av brukt for å markere skilnaden mellom eige språk og språket i Finland. Frå og med slutten av 1980-talet vart denne nemninga også brukt i meir offisielle samanhengar. Det er vanskeleg å seie kor mange det er som snakkar meänkieli, overslaga varierer frå 25 000 til 70 000 personar.

I utgangspunktet skilde ikkje dialektane på kvar side av Torne älv seg frå kvarandre, men etter 1809 har dei utvikla seg kvar sin veg. På finsk side har dialektane vorte påverka av standardfinsk både grammatisk og leksikalsk, store delar av kulturordforrådet som har komme til dei 200 siste åra er resultat av målmedvite språkplanlegging, på svensk side av Tornedalen har dei ikkje hatt del i denne utviklinga. På den andre side har meänkiele vorte påverka til ein viss grad av samisk, men særleg av svensk, gjennom ein målmedviten forsvenskingspolitikk dei siste hundre åra.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Meänkieli blir snakka i Pajala, Haparanda, Övertorneå, og til ein viss grad i Kiruna og Gällivare, og av utflytta tornedalingar i andre delar av Sverige. Berre dei tre første kommunane ligg i Tornedalen, og nemninga tornedalsfinsk dekkjer eigentleg berre ein del av meänkieli.

Status[endre | endre wikiteksten]

I dag er meänkieli eit av Sveriges offisielle minoritetsspråk, ein status det fekk av Sveriges riksdag den 2. desember 1999. Foreininga Svenska tornedalingars riksförbund-Tornionlaaksolaiset, STR-T.[1] arbeider for å fremje meänkieli. Det finst daglege radiosendingar på meänkieli.

Meänkieli i skjønnlitteraturen[endre | endre wikiteksten]

Den språklege og kulturelle utviklinga på svensk side av Tornedalen dei siste tiåra har vorte skildra av Mikael Niemi i romanen Populärmusik från Vittula (boka vart skrive på svensk, men er no omsett til meänkieli). Også andre forfattarar og songarar har skildra Tornedalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Elenius, Lars: Nationalstat och minoritetspolitik: Samer och finskspråkiga minoriteter i ett jämförande nordiskt perspektiv, Lund (2006) — ISBN 91-44-04439-9
  • Kenttä, Matti, & Wande, Erling (red.) (1992). Meän kielen sanakirja : [Tornedalsfinsk ordbok]. ISBN 91-87410-09-5 (inb)Övertorneå: Kaamos. 240 s.
  • Pohjanen, Bengt & Muli, Eeva, Meänkieli rätt och lätt, andra upplagan (2007) - ISBN 978-91-89144-36-1
  • Pohjanen, Bengt & Johansson, Kirsti, Den tornedalsfinska litteraturen I (2007)
  • Pohjanen, Bengt & Johansson, Kirsti, Den tornedalsfinska litteraturen II (2009)
  • Karlsson, Björn (red.), Bengt Pohjanen - Meän vanhiin (2004) - ISBN 91-89144-18-X
  • Winsa, Birger (1991). Östligt eller västligt? Det äldsta ordförrådet i gällivarefinskan och tornedalsfinskan'. ISBN 91-7146-945-1. Stockholm : Almqvist & Wiksell International. Serie: Studia Fennica Stockholmiensia. Diss. Stockholm.
  • Winsa, Birger (2005). Socialt kapital i en- och flerspråkiga regioner : svenska Tornedalen jämförd med finska Tornedalen och några nordsvenska kommuner. Stockholms universitet. Finska institutionen. ISBN 91-971948-3-2. Stockholm. Department of Finnish, Stockholm University, 2005
  • Winsa, Birger (1998). Language attitudes and social identity : the oppression and revival of a minority language in Sweden Edited by Pauline Bryant. Canberra. Applied Linguistics Association of Australia. Serie: Australian review of applied linguistics. Occasional paper.
  • Winsa, Birger (1997). Från ett vi till ett dem Torne älv som kulturgräns. Ingår i: Korhonen, Olavi: Språkliga och kulturella gränser i Nordskandinavien / Olavi Korhonen & Birger Winsa. Umeå. Kulturgräns norr. ISBN 91-88466-08-6.
  • Winsa, Birger (2000). Language planning in Nepal, Taiwan and Sweden. Edited by Richard Baldauf and Robert B. Kaplan. ISBN 1-85359-483-0. Clevedon: Multilingual Matters, cop. 2000. Serie: Multilingual matters, 99-0327043-7; 115 s.


Austersjøfinske språk
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk |
livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.