Galaksehop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av galaksehopen HCG 87. Den store spiralgalaksen sett frå sida, den uklåre ellipsegalaksen rett til høgre og spiralgalaksen nær toppen av biletet er medlem. Den tilsynelatande vesle spiralgalaksen i midten av biletet er ein fjernare bakgrunnsgalakse.

Galaksehopar er samlingar av galaksar som ligg så nære kvarandre at dei dannar eit lokalt system som krinsar rundt eit felles massesentrum. Ein galaksehop kan bestå av alt ifrå ei handfull til fleire tusen galaksar spreidde utover eit område på meir enn ti millionar lysår. Ein typisk avstand mellom galaksar i ein galaksehop kan vera på éin til to millionar lysår. [1]

Vår eigen galakse, Mjølkevegen, er del av galaksehopen den lokale gruppa.

Galakshopar klyngjer seg vidare saman i superhopar som kan innehalda 10-50 galaksehopar og spenna over område kanskje større enn 300 millionar lysår.[2]

[endre] Fotnotar

  1. Astronomiordlista hos Universitetet i Oslo (UiO)
  2. «Verdensrommet - En visuell guide til astronomi», av Mark A. Garlick, s. 182

[endre] Sjå òg

Spire Denne astronomiartikkelen som har med galakse å gjera er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.