Game Boy-serien
Game Boy (ゲームボーイ Gēmu Bōi) er ein serie handhaldne spelekonsollar laga av det japanske føretaket Nintendo. Game Boy er òg namnet på den fyrste maskina i denne serien.
Innhaldsliste |
[endre] Versjonar
Sidan lanseringa i 1989 gjekk den opphavelege Game Boy-konsollen gjennom fleire ytre endringar utan særleg endring i reknekrafta. Oppstillinga nedanfor syner dei ulike versjonane i Game Boy serien:
[endre] Game Boy |
Tekniske spesifikasjonar | |
|---|---|---|
Game Boy er den første konsollen i Game Boy-serien og vart lansert første gong den 21. april 1989 i Japan. Maskina er basert på ein Z80 prosessor, hadde ein liten svart og grøn reflektiv LCD-skjerm, ein åttevegs styreknapp, to handlingsknappar (A og B), og Start- og Select-knappar. Game Boy speler spel frå ROM-baserte medium i små plastikkeniningar som ein kunne skifte ut, kalla spelekassettar. Dataspelet Tetris hjelpte Game Boy med å nå ut til dei store massene, og står bak mykje av suksessen til plattforma. I starten var konsollen berre tilgjengeleg i ein nøytral gråfarge, men i 1995 gav Nintendo ut modellar i fleire ulike fargar og reklamerte for dei med ein Play It Loud!-kampanje (spel høgt). |
|
|
[endre] Game Boy Pocket |
||
| I 1996 lanserte Nintendo Game Boy Pocket; ei mindre og lettare ny utgåve som kravde færre batteri. Med plass til 2 stk AAA batteri kunne maskina halde det gåande i om lag ti timar med speling. Denne versjonen fekk ein mindre linkport, og ein treng såleis ein adapter for å kople Game Boy Pocket saman med den eldre Game Boy-utgåva. Denne porttypen vart seinare nytta på alle dei nyare Game Boy-modellane. Fargene på skjermen vart endra til ekte svart-kvitt i staden for grønfargane som originalen nytta. Den første utgåva hadde ikkje LED-lampe for å vise straumnivået til batteriet, men dette vart seinare lagt til etter etterspørsel om dette frå kundane. | ||
[endre] Game Boy Light |
||
| Game Boy Light vart lansert i 1998, men berre i Japan. Denne utgåva var litt større enn Pocket-utgåva, og hadde opplyst skjerm for speling i mørke og svakt lys. Light nytta 2 stk. AA batteri som rakk til kring tjue timar med speling med lyset av og tolv timar med lyset på. Maskina er den einaste handhaldne spelekonsollen Nintendo kom ut med fram til lanseringa av Game Boy Advance SP i 2003.
Denne modellen er den mest sjeldne modellen utanfor Japan, og på grunn av dette vert den ofte seld for langt meir enn dei andre Game Boy-modellane. |
||
[endre] Game Boy Color |
||
Game Boy Color (ofte korte GBC) vart lansert i november 1999 og kom med fargeskjerm og ei form som var noko større enn Game Boy Pocket. Denne utgåva hadde dobbelt så rask prosessor og dobbelt så mykje minne som dei tidlegare utgåvene, i tillegg til ein infraraud kommunikasjonsport. Ein av dei mest ettertrakta eigenskapane var bakoverkompabiliteten, det at ein kunne nytte Game Boy-kassettar laga for eldre utgåver for å spele eldre spel. Dette vart ein hovudeigenskap til Game Boy-serien, som ved kvar ny-lansering fekk eit større spelbibliotek enn nokon av konkurrentane. |
|
|
[endre] Game Boy Advance |
||
Nintendo lanserte i 2001 ei større oppgradering av Game Boy-serien; Game Boy Advance (ofte korta GBA). Maskina har ein 32 bits 16.8 MHz ARM prosessor i tillegg til ein Z80 prosessor, for å kunne spele dei originale Game Boy spela. Den er teknisk på høgde med Super Nintendo og kjem med tekniske overlegne konverteringar av klassikarar som Super Mario Bros. i tillegg mange nye titlar. |
|
|
[endre] Game Boy Advance SP |
||
SP-versjonen som vart lansert i mars 2003 hadde ein ny og mindre kamskjelldesign med ein skjerm som ein kunne flippe opp, internt forlys (ikkje baklys) og oppladbart batteri, men var elles uforandra. SP står for Special (spesiell). |
||
[endre] Game Boy Micro |
||
Game Boy Micro er den tredje omforminga av Game Boy Advance. Maskina er 10,6 cm breid, 5,08 cm høg og 1,78 cm djup og veg 85 gram. Micro har den skarpaste skjermen nokonsinne på ein Game Boy-maskin. Skjermen er noko mindre enn hjå SP og GBA, men har betre oppløysing. Det går ikkje å spele spel for Game Boy eller Game Boy Color med denne utgåva. |
||
[endre] Nintendo DS
Nintendo DS vart lansert i USA den 21. november 2004 og den 2. desember 2004 i Japan. Det er ikkje vanleg at produkt frå Nintendo vert lansert i Nord-Amerika før Japan. Denne eniniga er ikkje ein del av Game Boy-serien, og Nintendo refererer til den som deira «third pillar» (tredje pilar); der konsollane er dera første pilar og Game Boy-serien med handheldte einingar er den tredje. Men den kan bli sett som ein del av deira bærbare familie grunna den strukturelle likheten til Game Boy og evna til å spele Game Boy Advance kassettar.
[endre] Neste generasjons Game Boy
Sidan det vart kjend at Nintendo DS ikkje var meint for å erstatte Game Boy Advance har det vore spekulasjonar om neste generasjon av håndholdte Game Boy. Det har vore eit rykte om at dette systemet skal kunne nytte små optiske diskar og ha noko bakoverkompabilitet.
[endre] Andre fakta
- I Nintendo sitt store senter i New York, kjent som Nintendo World, vert det oppbevara ein Game Boy som vart skada under eit bombeåtak under Gulfkrigen. Dekslet smelta, men konsollen skal freamleis fungere.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Game Boy» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mai 2008.
| Spelkonsollar frå Nintendo | ||
|---|---|---|
| Stasjonære | NES · SNES · Nintendo 64 · Nintendo GameCube · Wii · Wii U | |
| Handhaldne | Game & Watch · Game Boy · Game Boy Color · Game Boy Advance (SP · Micro) · Nintendo DS (Lite · DSi · DSi XL) · Nintendo 3DS | |