Gamma-astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Første kartlegging av himmelem med energiar over 1 GeV, samla inn av Fermi Gamma-ray Space Telescope frå 2009 til 2011.

Gamma-astronomi er ein del av astronomien som omfattar studiet av gammastråling frå himmellekamar og frå verdsrommet. Gammastrålinga oppstår ved spalting av atomkjerner og ved valdsam akselerasjon av ladde partiklar, og er den mest kortbølgja og dermed den mest energirike elektromagnetiske stråling ein kjenner med energiar over 100 keV.

Den kosmiske gammastrålinga trengjer ikkje gjennom jordatmosfæren, og kan derfor berre studerast med instrument plassert i satellittar. Strålinga vart første gang registrert frå satellitten OSO-3 i 1986. Strålinga er delvis diffus med konsentrasjon langs galaktisk ekvator og sentrum av Mjølkevegen, delvis opptrer ho frå lokale kjelder. Dei kjeldene som tilhører stjernesystemet vårt, er mellom anna solflekkar, nøytronstjerner og supernovarestar. Dei ekstragalaktiske kjeldene er kvasarar, svarte hól og spesielle typar aktive galaksar. Aktiviteten innan forskingsfeltet auka kraftig etter at romfartøya Compton Gamma-Ray Observatory og Granat X-Ray/Gamma-Ray Observatory vart skoten opp tidleg i 1990-åra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]