Ganddal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ganddal bydelshus

Ganddal er ein bydel i Sandnes kommune. Ganddal ligg mellom Sandnes sentrum og Jæren, og har namnet sitt frå Gandsfjorden, som igjen har namnet sitt frå norrønt Gandr = stokk, eller stav. Dalen er mellom Stokkalandsfjellet i sør, Lundehaugen i nord, og Håbafjellet i aust.

Parkdraget langs Storåna, Gandsparkene, tek slutt her og elva kan fylgjast vidare til turområdet kring Stokkelandsvatnet. Sivilforsvaret sitt beredskaps- og kompetansesenter har hovudsete i Vagleleiren i bydelen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Ganddal har mykje jordbruk mot grensene til Malmheim bydel i vest og Klepp kommune i sør. Ved den nye godsterminalen ligg industriområdet Kvål. Det finst òg noko industri ved Storåna gjennom Åsedalen, men dette vil fasast ut til fordel for bustad- og friområde. På Foss-Eikeland ligg mellom anna den tradisjonsrike fabrikken SandnesGarn.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Ganddal har eigen stasjon på Jærbanen, Ganddal stasjon. Frå denne går Ålgårdsbanen, eit nå nedlagt sidespor, til Figgjo og Ålgård. Sandnes godsterminal vert bygd sør på Ganddal og vil verta ferdig til bruk seint i 2007. Han vil erstatta terminalane på Brueland i Sandnes og Paradis i Stavanger og vil verta den nest største i landet.

Riksveg 44 Jærvegen går tvers gjennom bydelen og er hovudåra mellom Jæren og Sandnes sentrum. Vegen er sterkt trafikkert og dårleg skjerma. Riksvegen vert flytta til ny firefelts veg mot vest, frå knutepunktet ved den nye jernbaneterminalen nordover til Riksveg 509Stangeland.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ganddal har tre offentlege og ein privat grunnskule. Dei offentlege er Ganddal skule (1.-7.trinn) ved Jærvegen, Sørbø skole (1.-7.trinn)på Lundehaugen og Lundehaugen Ungdomsskule på Lundehaugen.. Sandnes friskole er ein grunnskule frå første til tiande klassesteg i regi av Jæren Kristne Senter. I 1985 flytta Sandnes handelsskole frå dei gamle lokala til Sandnes gymnas i Langgata, og over i nye bygg på Lundehaugen. Skulen fekk namnet Lundehaugen vidaregående skule, og har vorte mest kjend for musikk-, dans- og dramalina, men har òg liner for service og samferdsle, medier og kommunikasjon, allmennfagleg påbygging og innføringsklasse for internasjonale elevar. I 2010 flytta skulen til nye bygg i Sandnes Sentrum, og fekk då namnet Vågen vidaregåande skule.