Gangar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gangar er ein norsk slåttetype og ein folkedans som finst i fleire tradisjonar.[1]

Musikktypar[endre | endre wikiteksten]

Gangar er ein slått i todelt takt som kan spelast i ulike tempo.[1] Nemninga gangar er her knytt til slåttetypen, ikkje til dansen. Nemninga skriv seg frå verbet å gange (gå), noko som peikar mot den jamne takta.

Slåttetypen gangar er svært gamal i Noreg. Det finst to hovudtypar, gangar i 6/8-takt, og gangar i 2/4-takt. Nedskriftene er for det meste skrivne med to til tre slag i takta, men rytmen er so jamn at det har vore framlegg om at kvar taktperiode i slåtten har eitt slag, ikkje meir.

Det er rimeleg å tru at spel i 2/4-takt høyrer til nytida, medan 6/8-takta opphavleg er knytt til meir mellomalderlege dansar. Melodisk og rytmisk slektskap til kontinental musikk kan tyde på dette.

Av det samla slåttetilfanget utgjer slåttar i todelt takt om lag ein tredjedel. Springaren har støtt vore ein meir nytta pardans i nyare tid. Men mange av dei mest kjende slåttane utanfor folkemusikkmiljøet er gangarar, moglegvis av di rytmen i slåtten er lett å skjøne. Det har og vore lett å knyte gangar-rytmen til nyare og meir populære musikkformer, som rock. Gangar-forelegg har og vore nytta i norsk orkestermusikk frå Edvard Grieg og frametter.

Dansetypar[endre | endre wikiteksten]

Som dans er gangar rekna som bygdedans dansa som individuell pardans i i like- eller ulike-takt. Medan han tidlegare var vidt utbreidd, var han seinare berre kjend i Telemark- og Setesdals-tradisjon. Telemarktypen har vekselrytme mellom mjuke gangsteg og sammansatte steg-grupper utført av den mannlege partneren. Setesdalstypen har vekselvise gangsteg og tunge «polka-steg». Tempoet er 70–80 gangsteg per minutt.[1]

Gangar har for det meste vore nytta i Telemark (telegangar). På Vestlandet er dans til slåttespel i todelt takt gjerne kalla rull, og i Valdres helst bonde («bundin» dans). Gangaren i Numedal kan seiast å vera rekonstruert tidleg på 1900-talet.

Setesdalsgangaren er eit unnatak frå denne regelen. I Setesdal døydde springaren ut tidleg, og her er gangaren mest einerådande som både danse- og speleform. Mange av dei mest eggjande gangarane, og dei mest sermerkte, kjem herifrå.

Det er berre i dei områda det har vore dansa gangar eller nærskylde former at det voks fram ein langsam spelestil, som og gjer seg godt til lyarlåttar og improvisasjon. I Hallingdal vart slåttespel i todelt takt knytt til lausdans. Pardansen var støtt springar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Gangar» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 20. januar 2015.