Gasherbrum III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gasherbrum III
Gasherbrum III til venstre sett frå Base Camp. I midten Gasherbrum II.

Gasherbrum III til venstre sett frå Base Camp. I midten Gasherbrum II.

Høgd over havet 7 952 m
Område Grensa mellom Pakistan og Kina
Fjellområde Gasherbrum-gruppa, Baltoro Muztagh, Karakorum
Dominans 0,99 km → Gasherbrum II
Skardhøgd 355 mfd2
Koordinatar 35° 45′ 36″ N, 76° 38′ 26″ AKoordinatar: 35° 45′ 36″ N, 76° 38′ 26″ A
Gasherbrum III (China)
Gasherbrum III
Førsteklatring Wanda Rutkiewicz, Alison Chadwick-Onyszkiewicz, Janusz Onyszkiewicz og Krzysztof Zdzitowiecki i 1975
Normalrute Høgfjellstur, bretur

Gasherbrum III eit 7 952 m[1] høgt fjell i Gasherbrum-massivet mellom Gasherbrum II og IV i fjellområdet Karakorum som ligg i området Gilgit-Baltistan nord i Pakistan.

Ein 7 591 m høg sadel skil toppen frå nærtliggande Gasherbrum II, noko som gjer at Gasherbrum III har ei skardhøgd på berre 355 meter. I Himalaya er grensa for at eit fjell skal bli rekna som sjølvstendig ei skardhøgd på minst 500 m, så etter dette kriteriet blir ikkje Gasherbrum III rekna som eit sjølvstendig fjell. På grunn av at dominansverdien – det andre kriteriet på eit fjells sjølvstende – er på nesten ein km, blir toppen rekna som ein «relativt sjølvstendig hovudtopp».

Ei gruppe polske klatrarar med Wanda Rutkiewicz, Alison Chadwick-Onyszkiewicz, Janusz Onyszkiewicz og Krzysztof Zdzitowiecki blei dei første til å klatre til topps på Gasherbrum III. Dette er den høgste førsteklatringa gjort av kvinner, ei bragd som det no ikke er mogleg å overtreffe.

Sjølv om Gasherbrum III truleg er verdas høgste 7000 meters-topp er den heilt klårt ikkje mest populær: dei to litt høgare naboane Gasherbrum I og II høyrer til dei attraktive 8000 meters-toppane og den noko lågare Gasherbrum IV er mykje meir imponerande.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Høgda i henhald til websidene peakbagger, peakware og summitpost, sjå avsnittet «bakgrunnsstoff», men 7 946 m blir òg ofte oppgjeve.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]