Gaukesyre
| Gaukesyre | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Oxalidales | |
| Familie: | Gaukesyrefamilien Oxalidaceae |
|
| Slekt: | Oxalis | |
| Art: | O. acetosella | |
| Vitskapleg namn | ||
| Oxalis acetosella | ||
Gaukesyre eller gauksyre (Oxalis acetosella) er ei skogplante med tre-kopla blad og fem kronblad i blomen. Planta blir mellom 5 og 10 cm høg, med blad og blomsterskaft frå ein krypande jordstengel.
Blomane er kvite med rosa årer, 8 til 12 mm store. Ein kan òg finne rosa og raudlilla blomster. Blad og blomer har tydelege rørsler i høve til lys og temperatur, m.a. opnar blomen seg og rettar seg etter sola. Frøkapselen er om lag 3 mm stor og grønkvit.
Gaukesyra veks i bar- og lauvskog der det er skugge, fukt og god mold. Blomstring skjer frå vår til haust. Om våren produserer planta vanlege opne (chasmogame) blomar, medan blomene frå sumar og haust ikkje opnar seg (kleistogami).[1] Finst over det meste av Europa og i delar av Asia. I Noreg nord til Tromsøysund og Kåfjord. Ho finst òg i mellom- og sør-Sverige og Finland, dessutan i heile Danmark og Færøyane og i eit lite område på austre Island.
Blada har ein frisk, syrleg smak som kjem frå oksalsyre.
[endre] Kjelder
- Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
- Sune og Stina Jonsson: Villblomster. Markens urter i bilder og tekst. Oslo, 1980.
- Harsyra på Svensk wikipedia
[endre] Referanser
- ↑ Berg, H. & P. Redbo-Torstensson (1998) «Cleistogamy as a bet-hedging strategy in Oxalis acetosella, a perennial herb» – Journal of Ecology, bind 86, s. 491-500.