Tromsøysund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromsøysund
kommune
Land  Noreg
Kommunenr. 1934
Kart
Tromsøysund kommune
69°38′53″N 18°59′13″E / 69.648055555556°N 18.986944444444°E / 69.648055555556; 18.986944444444
[[Fil: NO 1934 {{{namn}}}.svg |200 px|none| ]]

Tromsøysund er ein tidlegare norsk kommune i Troms. Området er i dag del av Tromsø kommune i Troms fylke.

Tromsøysund kommune hadde opphavleg namnet Tromsøe landdistrikt, då han blei oppretta ved formannskapslovene i 1837.

I 1860 blei Balsfjord kommune skild ut som eigen kommune. Tromsøysund hadde 2632 innbyggjarar etter dette.

1. januar 1861 blei ein del av Tromsøysund med 110 innbyggjarar overført til Tromsø kommune.

1. januar 1873 blei ein del av Malangen kommune, med 287 innbyggjarar, overført til Tromsøysund. Samstundes blei ein ubygd del av Tromsøysund overført til Tromsø.

1. juli 1915 blei ein del av Tromsøysund, med 512 innbyggjarar, overført frå Tromsøysund til Tromsø. 1. juli 1955 skjedde det same med eit område 1 583 innbyggjarar.

I 1948 kjøpte staten eigendommen Åsgård, gnr. 118, bnr. 1, i Tromsøysund. I 1961 var Åsgård sykehus ferdig bygd og klar for delvis drift og blei overført frå staten til Troms og Finnmark fylkeskommunar og bykommunane Harstad, Tromsø, Hammerfest, Vadsø og Vardø.

1. januar 1964 blei Tromsøysund og Tromsø kommunar saman med delar av Hillesøy og Ullsfjord kommunar slått saman til den nye Tromsø kommune. Tromsøysund hadde ved samanslåinga 16 727 innbyggjarar.[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Tromsøysund kommune var den nest største kommunen i Troms etter folketal frå 1926, då Trondenes kommune blei delt opp, og fram til slutten av 1940-talet. Då passerte Tromsøysund Tromsø i folketal, og var den største kommunen i Troms, fram til kommunen blei slått saman med Tromsø i 1964.

Folketalsutvikling for tidlegare Tromsøysund kommune frå 1900 til 1964:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[1]
6345a 7708a 10 360a 11 622a 15 152 16 727

a Dette talet omfattar eit område som var del av Tromsøysund kommune fram til 1955, då det blei overført til Tromsø kommune. Dette området hadde då 1583 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Malangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå