Gdynia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gdynia
Świętojańskagata
Świętojańskagata
Flagget til Byvåpenet til
Flagget til Byvåpenet til
Motto
«Gdynia - miasto z morza i marzeń»
(Gdynia - ein bygd ut av sjøen og draumar)
Plassering
Gdynia is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Pommerske voivodskap
Byrettar 10. februar 1926
Borgarmeister Wojciech Szczurek
Geografi
Flatevidd
 - By

136 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

252 443
  1856/km²
Koordinatar 54°30′0″N 18°32′0″EKoordinatar: 54°30′0″N 18°32′0″E
Høgd over havet 0-205 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 81-004 til 81-919
Telefon-retningsnummer +48 58
Bilnummer GA
Nettstad: www.gdynia.pl


Gdynia (tysk Gdingen (fram til 1939), Gotenhafen (1939-1945); kasjubisk Gdiniô) er ein by i Pommerske voivodskap i Polen og ei viktig hamn ved Gdańskbukta på sørkysten av Austersjøen.

Han ligg i regionen Kasjubia i Aust-Pommern og er ein del av eit storbyområde i lag med kurstaden Sopot, byen Gdańsk og fleire forstader, som i lag dannar storbyområdet Trippelbyen (Trójmiasto), som har over ein million innbyggjarar.

Gdynia fekk byrettar i 1926, og er ein av Polens yngste byer. Den har status som distriktsnivåby.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kosciuszko-plassen, Dar Pomorza til venstre, Havtårna til høgre.

Namnet Gdynia vart for første gong nytta i 1253 om ein kasjubisk fiskeby. I 1789 var det 21 hus i landsbyen. Som del av Pommern var han ein polsk provins frå om lag 990 til 1308. I 1309-1310 vart han erobra av Den tyske riddarordenen (1309-1454/66), men vart så del av Det kongelege Preussen i Kongedømet Polen (1466-1772). Under den første delinga av Polen i 1772 vart han annektert av Kongedømet Preussen (1772-1870), og vart seinare som del av Preussen del av Det tyske keisardømet (1870-1920). I 1870 hadde landsbyen Gdingen 1200 innbyggjarar.

Etter Versailles-traktaten 1919 vart Gdynia saman med andre delar av det tidlegare Vest-Pommern ein del av den nye Republikken Polen. I 1921 starta konstruksjonen av ei sjøhamn i Gdynia, som vart utvikla til den viktigaste hamna i Den polske korridoren. Byen vart bygd seinare enn sjøhamna, og fekk byrettar i 1926. Gdynia byrja å vokse kraftig etter 1928 med ein folkesetnad på på 120 000 i 1939.

Byen og sjøhamna vart erobra og annektert av Nazi-Tyskland i september 1939 og gjeve namnet Gotenhafen. 50 000 polske innbyggjarar vart fordrive til Generalguvernementet og eigedommane deira konfiskert og gjeve til tyske nybyggjarar. Hamna vart i stor grad øydelagd då tyske tropper trekte seg tilbake i 1945 (90 % av bygningane vart øydelagd). I byen vart òg den tyske konsentrasjonsleiren Gotenhafen bygd, ein underleir av Stutthof. I 1945 vart byen erobra av sovjetarar og innlemma i det polske Gdańsk-voivodskapet.

Gdynia er vennskapsby med Kristiansand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gdynia