Anne av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anne
QueenAnne1702.jpg
Dronning av Storbritannia
Fødd 16. februar 1665
Fødestad St. James's Palace i London
Død 12. august 1714 (49 år)
Dødsstad London
Gift med Georg av Danmark
Far Jakob II
Mor Anne Hyde

Anne av Storbritannia (6. februarjul./ 16. februar 1665greg., død 1. augustjul./ 12. august 1714greg.) vart dronning av England, Skottland og Irland den 19. mars 1702. Den 1. maijul./ 12. mai 1707greg., då England og Skottland vart samla til éitt kongedømme, vart Anne den første monarken i Storbritannia, ein posisjon ho hadde til ho døydde, då ho etterfølgde svogeren sin, Vilhelm III av England og II av Skottland. I tillegg var ho dronning av Irland. Ho var den siste monarken av huset Stuart.

Den katolske faren hennar, Jakob II av England og VII av Skottland, vart rekna av det engelske parlamentet for å ha abdisert då han vart tvinga til trekkje seg tilbake til Frankrike i løpet av den ærerike revolusjonen i 1688-1689. Svogeren hennar og systera hennar vart deretter fellesmonarkar som Vilhelm III og II og Maria II av England, det einaste tilsvarande tilfellet i britisk historie. Etter Maria døydde i 1694 heldt Vilhelm fram som som einsleg monark fram til han døydde i 1702. Den 12. mai 1707, under forordninga av unionen, vart Skottland og England sameint som einsleg suveren stat, kongedømmet Storbritannia. Anne vart den første herskaren til dette riket medan ho fortsette å halde den fråskilde krona som dronning av Irland og den historiske og verknadslause tittelen «dronning av Frankrike». Ho regjerte i tjue år fram til ho døydde i august 1714. Anne er difor den siste dronninga av England og den siste dronninga av Skottland.

Livet hennar var prega av mange kriser, både personleg og relatert til etterfølinga av krona, og til religiøs polarisering. Sidan ho døydde utan ein overlevande arving var ho den siste monarken av huset Stuart. Ho vart etterfølgd av tremenningen sin, Georg I, av Huset Hannover. Han på si side var ein etterkomar av stuartane gjennom mormora si Elisabeth av Bøhmen, den einaste overlevande dottera av Jakob VI av Skottland (seinare Jakob I av England og Irland) og Anne av Danmark. [1]

Innhaldsliste

Overtaking av trona [endre]

Anne overtok trona etter Vilhelm III, som var enkemann etter den eldre systera hennar Maria. Dei to systrene var einaste born i ekteskapet til Jakob II ekteskap med Anne Hyde som nådde vaksen alder. Etter ordrar frå kong Karl II av England, farbroren til systrene, vart dei oppdrege som protestantar.

Som born var Anne plaga av ein augeinfeksjon og vart sendt til Frankrike for handsaming, men vart verande skjelauga heile livet, i ein slik grad at ho hadde vanskar med å lese og skrive. I Frankrike budde ho hos farmora si Henrietta Maria og etter ho døydde hos tanta, Henrietta Anne av Orléans. Fem år gammal reiste ho heim att, og i åtteårsalderen vart ho kjent med Sarah Jennings, som vart hennar næraste venninne og rådgjevar i vaksen alder. Jennings gifta seg med John Churchill, 1. hertug av Marlborough, som skulle bli den viktigaste generalen til Anne og herre på Blenheim.

Førstedame Sarah [endre]

Det første Anne gjorde som regjerande dronning, var å opphøge Jennings - no Sarah Churchill - til førstedame i riket etter seg sjølv. Sarah Churchill fekk fullmakt til å administrere hoffet og dei kongelege finansane slik ho fann for godt. Slik vart ho som enke den rikaste kvinna på dei britiske øyane, sjølv om venskapen med dronninga opphøyrde då dei to kvinnene nærma seg femti. Då hadde Sarah ved fleire høve skjelt ut dronninga i full offentlegheit, kasta ting etter henne og trampa i golvet. Til sist skreiv Sarah til dronninga at om ho ikkje var samd, trong ho ikkje å svare. Anne skreiv tilbake at når Sarah ikkje bad om svar, skulle ho ikkje få det heller. Den symbolske gullnøkkelen ho hadde gjeve Sarah, ville dronninga ha tilbake. Sarah kasta han veggimellom. John Churchill tok han opp og bad knelande dronninga om tilgjeving på vegne av både kona si og seg sjølv. Men dei to barndomsvenninnene såg aldri kvarandre igjen. Sarah måtte flytte ut frå leilegheita si i slottet og plukka ved det høvet med seg alt ho kunne - til og med dørhandtaka. Ho overlevde Anne med tretti år og utgav ei bok om venskapane deira som sette dronninga i eit særs dårleg ljos. Ho siterte frå breva frå Anne til henne for å vise kor hjelpelaus dronninga var utan henne; samstundes hadde ho fått Anne til å brenne dei breva ho sjølv hadde skrive til dronninga.

Ekteskapet med Georg frå Danmark [endre]

Sjølv gifta Anne seg med prins Jørgen av Danmark-Noreg, kalla Georg i England, ein yngre bror av kong Christian V av Danmark-Noreg. Karl II sa om niesa sin danske ektemannen at han hadde prøvt han edru og prøvt han rusa, men det var absolutt inkje der - «nothing at all!» Anne kravde titlar og kongelege ordenar for gemalen sin, men Vilhelm II ville ikkje gje han nokre, og ein gong svogeren melde seg til teneste ved eit felttog vart han sendt heim slik at han ikkje gjekk i vegen. Vilhelm II gav òg vaktene ordrar om ikkje å helse, verken for prins Georg eller for Anne. Ein gong Anne sat til bords med Vilhelm, tok han alle ertane, slik at ho ikkje skulle få nokre.

På sytten år fødde Anne sytten born, men døydde likevel barnlaus. Berre Vilhelm, hertug av Gloucester, levde til han var elleve; og han var tilbakeståande og leid av epilepsi.

Virke som dronning [endre]

Anne var 37 år gammal då ho tok over den britiske trona, så plaga av revmatisme og overvekt at ho måtte løftast opp i kroningsstolen. I gravferda hennar vart det sagt at kista var like brei og høy som ho var lang. Men hestar og jakt hadde vore den store lidenskapen hennar, og det var ho som stifta The Royal Ascot. Framleis opnar den britiske kongefamilien Ascot-hesteveddeløpa ved å køyre langs banen i open vogn, slik Anne gjorde i si tid. I Richmond Park vart dei mange vegane på kryss og tvers lagt spesielt for henne, så ho kunne følgje jakta frå vogna si.

Femti kyrkjer fekk ho bygd berre i London. St John's like ved parlamentet skal ha vore den einaste kyrkja i England med fire tårn - éitt i kvar ende - fordi arkitekten rådførde seg med dronninga om korleis ho skulle sjå ut, og i irritasjon sparka ho til fotskammelen sin som svar, slik at han vart liggjande med sine fire bein i vêret: «Slik!» Med årane inntok ho meir og meir av den «kalde teen sin» - eigenleg brandy - som smertelindring, og denne gjorde henne iblant ilsk.

Anne tok same valspråk som Elizabeth I av England, semper eadem (= alltid den same). Best blir ho nok hugsa for freden i Utrecht i 1713, som slo fast at Filip V fekk fortsetje som konge av Spania berre under føresetnad av at Spania og Frankrike aldri vart sameint. Ludvig XIV av Frankrike måtte love å ikkje gje ytterlegare hjelp til stuartane i framtida. Vidare sikra England seg Gibraltar, Menorca, Nova Scotia, New Foundland, store område i det som i dag utgjer Canada - og dessutan eineretten til å frakte slavar frå Afrika til koloniane til Spania i Amerika i dei næraste tretti åra. Ludvig XIV var likevel så nøgd med traktaten at han sende tusen flaskar champagne til Anne som takk.

Ho døydde 49 år gammal under eit raserianfall i det kongelege rådet, etter å ha kasta ut lordkanslaren sin, jarlen av Oxford, for «fyll og mangel på folkeskikk». Legene omtalte dødsårsaka som apopleksi, det vil seie eit slag som dei meinte skulda gout on the brain (= gikt på hjernen). Ho var enke og barnlaus, og det fanst ikkje noko testamente fordi ho var så redd for å døy. Kroppen hennar var så stor og oppsvulma at han måtte gravleggast i Westminster Abbey i ei stor, bortimot kvadratisk kiste. [2]

Kjelder [endre]

  1. Lodge (1832), s. 7–8
  2. Ward, s. 476