Sophia av Hannover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sophia av Hannover

Sophia av Hannover (14. oktober 16308. juni 1714), var fødd i Haag som dotter av Friedrich V av Pfalz, «vinterkongen» av Bøhmen, av huset Wittelsbach, og Elisabeth Stuart. Ho var gift med kurfyrst Ernst August av Hannover, og vart kjend som den «store kurfyrstinna». Gjennom mor si var hun barnebarn av Jakob VI av Skottland / Jakob I av England og Irland og hadde eit krav på den britiske trona, og som følgje av den britiske Act of Settlement, som utelukka katolikkar, vart ho den første i arverekkja. Dersom ho ikkje hadde døydd nokre veker før Anne av Storbritannia, hadde ho blitt britisk dronning. Sjølv om ho var eldre enn Anne, hadde ho betre helse og ein hadde rekna med at jo kom til å bli den neste dronninga i Storbritannia. I staden kom sonen hennar, Georg Ludwig, og dermed huset Hannover på trona i Storbritannia. Alle personar i arverekkja til den britiske trona nedstammar derfor frå Sophia av Hannover og alle krav på trona skal gå attende til henne.

Dottera Sophie Charlotte vart gift med Fredrik I av Preussen.

Sophia var ein venn og beundrar av filosofen Gottfried Leibniz som var knytt til hoffet i Braunschweig frå 1676 til sin død i 1716. Vennskapet resulterte i ein omfattande korrespondanse. Sophia sette i gang omfattande arbeid med slottshagen i Herrenhausen, og døydde i denne hagen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Klopp, Onno, red., 1973 (1873). Correspondenz von Leibniz mit der Prinzessin Sophie. Hildesheim: Georg Olms. In French.