Giulio Caccini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giulio Caccini
Fødd 8. oktober 1551, Tivoli i Italia eller Roma
Død 10. desember 1618 (67 år), Firenze i Italia
Sjanger Renessansemusikk, vokalmusikk
Aktive år 1589-1614
Yrke Komponist, instrumentalist
Caccini, Le Nuove musiche, 1601, tittelside

Giulio Caccini (8. oktober 155110. desember 1618) var ein italiensk komponist som levde i overgangen mellom seinrenessansen og tidlegbarokken. Han var ein av grunnleggjarane av operaen, og ein av dei viktigaste skaparane av den nye barokkstilen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner lite til det tidlege livet til Caccini, men han var fødd i anten Roma eller Tivoli som son av ein tømmermann. Han var ein eldre bror til den viktige florentinske bilethoggaren Giovanni Battista Caccini. Dotter til Giulio, Francesca Caccini, var ein av dei viktigaste kvinnelege komponistane i europeisk musikkhistorie mellom Hildegard von Bingen og dei kvinnelege komponistane på 1800-talet.

Giulio Caccini var elev av Scipione delle Palle som gav han undervisning i luttspel og song, og han studerte òg harpe og fiolin. Cosimo de' Medici var så imponert over talentet til Caccini at han i 1564 fekk engasjement som songar og instrumentalist ved hoffet til Mediciane i Firenze, eit av dei viktigaste kultursentra i Europa på den tida.

Monodi og generalbass[endre | endre wikiteksten]

Caccini levde i tida til monodien og generalbassmusikken tid. Denne nye måten å akkompagnere ved hjelp av eit taste- eller luttinstrument gav songen eit fast støttepunkt og gjorde at orda og meininga deira vart forståelege. Den nye musikken vart særleg pleia og vidareutvikla i heimen til adelsmannen Giovanni de Bardi, og i denne såkalla bardiske kretsen høyrte Giulio Caccini til. Han komponerte fleire verk med akkompagnement av eitt instrument, stort sett ein teorbe. I hovudverket hans Le nuove Musiche (1601) er fleire av ariane og madrigalane hans for ei songstemme og generalbass bevart for ettertida.

Caccini og opera[endre | endre wikiteksten]

Namnet til Caccini er framfor alt knytt til den fyrste utviklinga av operaforma. Han var med i Camerata Florentina frå byrjinga av, der han framfor alt vart verdsett som utøvande musikar. Han samarbeida med Jacopo Peri på operaen hans Euridice ved å komponere ein del av songane. I år 1600 skreiv han sin eigen Euridice, men manuskriptet er tapt. Med tanke på utviklinga av operaen på Caccini si tid og på hans idear om sangkunsten, vert han rekna som ein av dei første som praktiserte ariosostilen, og som reidde grunnen for Bel cantostilen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Dafne, opera (1598), (tapt)
  • Euridice, opera (1600),
  • Le nuove Musiche, madrigalar og ariar for ei songstemme og generalbass (1601)
  • Il Rapimento di Cefalo, Intermezzo for songstemme og generalbass (1601)

Ave Maria[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei mest populære verka som ofte feilaktig vert tilskriven Caccini, er «Ave Maria» som i røynda vart komponert i 1970-åra av den russiske luttspelaren Vladimir Vavilov. Vavilov hadde for vane å tilskrive komposisjonane sine til kjende komponistar, og spelte inn stykket i 1972. Etter at Vasilov døydde har Caccini feilaktig vorte omtalt som komponisten av stykket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]