Gioacchino Rossini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gioacchino Rossini (1792-1868)
Wilhelm Tell-overtyren av Rossini, framført av United States Marine Corps Band i 2000.
Wilhelm Tell-overtyren i tradisjonell utgåve i eit opptak av Sodero's Band frå 1914.
Enrico Caruso framfører La Danza av Rossini frå 1835.

Gioacchino Rossini (29. februar 179213. november 1868) var ein italiensk komponist under romantikken. Han er best kjend for operaene Barberen i Sevilla, Moses i Egypt og Wilhelm Tell. I tillegg til opera skreiv Rossini sakralmusikk, kammermusikk, songar og pianostykke.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gioacchino Rossini var fødd i Pesaro i Kyrkjestaten. Begge foreldra hans var musikarar, og dei sende han til songundervising hjå Angelo Tessi i Bologna. I 1807 byrja han studera komposisjon under Stanislao Mattei. Han avbraut studia då læraren sa at han ikkje kunne nok til å komponera opera.

Karriere i Italia[endre | endre wikiteksten]

Rossini studerte kvartettar og symfoniar av Mozart og Haydn, og debuterte i 1810 med operaen La cambiale di matrimonio i Venezia. Dei følgjande åra skreiv han fleire operaer, mellom anna La pietra del paragone for operan i Milano, der han først nytta crescendoet han seinare blei kjend for. Seinare følgde Demetrio e Polibio for Roma og L'inganno felice, Signor Bruschini og Tancredi for operaen i Venezia. Med Tancredi, som blei skriven i 1813, blei Rossini anerkjend som den største dålevande operakomponisten.

Ryet hans blei stadfesta gjennom L'italiana in Algeri (Venezia, 1813), Il turco in Italia (Milano, 1814) og Elisabetta (Napoli, 1815). I Elisabetta endra han gammal tradisjon ved å skriva utbroderingar i ariane i staden for å la songarane sjølv bestemma det, noko som vekte stor motstand i byrjinga. Deretter erstatta han secco-resitativet (resitativ akkompagnert av eitt instrument og ein basstemme) med resitativ akkompagnert av ein strykekvartett.

I 1816 nådde Rossini høgdepunktet innan operakomikk med Almaviva (Il Barbiere di Siviglia) i Roma. Den første framsyninga av operaen blei forstyrra av tilhengjarar av Giovanni Paisiello sin opera med same namn, men allereie frå andre framsyninga byrja suksessen å veksa. Operaen inneheld alle dei beste eigenskapene til italiensk opera buffa og som framleis blir framført på operaer fleire stader i verda.

Frå 1815 til 1821 var Rossini under leiinga til impresarioen Domenico Barbaja komponist for den kongelege operaen San Carlo i Napoli. Samstundes komponerte han verk for andre operahus, mellom anna La Scala i Milano (Den tyvaktige skjære, La Gazza Ladra, 1817), og skreiv kantater og andre verk. Hans sista opera for Italia blei Semiramide (La Fenice, Venezia 1823). Dei napolitanske operaene blei alle skrivne for den vidkjende sopranen Isabella Colbran, som han gifta seg med i 1822.

Colbran påverka musikken til Rossini både med stemma og sceneoppførsla si. Verka har mykje koloratur, samtidig som kjensler og innlevingar er viktige for at musikken skal koma til sin rett. Alla kritikarane var ikkje så glade i harmoniane, koloraturen og ei orkestrering dei rekna «germansk», og føretrekte meisterverket Tancredi frå 1813. Ermione fekk til dømes eit kort liv etter premieren i 1818, men er i dag rekna som eit ukonvensjonelt meisterverk.

Liv i Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Fransk karikatur av Rossini frå 1867.

Etter Semiramide' flytta Rossini til Paris i 1824, etter ei kort vitjing til London der han byrja på Ugo, Re D'Italia, ein opera som aldri kom lengre enn til skissestadiet.

Rossini blei direktør for Théâtre italien i Paris der den sceniske kantaten I viaggio a Reims blei sett opp til ære for kong Karl X i 1825. Etter å ha blitt Inspecteur général du chant en France med ei inntekt på 20 000 franc per år, kunne han via seg heilt til komposisjon. Han omarbeidde då to tidlegare verk frå si tid i Napoli for Parisoperaen. Maometto II blei Le siège de Corinthe i 1826 og Mosé in Egitto blei Moïse et Pharaon (eller berre Moïse) i 1827. Le comte Ory, som hadde premiere på Parisoperan i 1828, er ei omarbeiding til komisk opera av kantaten Il Viaggio a Reims. Etter mange omarbeidingar av librettoen hadde Guillaume Tell (Wilhelm Tell) premiere i 1829, og er rekna som Rossini sitt meisterverk i den franske Grand-Opera-tradisjonen.

Ved Julirevolusjonen i 1830 mista Rossini si stilling som generalinspektør, og klarte berre så vidt redda ein pensjon på 6 000 franc. Mellom 1836 og 1853 budde han i Italia, men måtte ofte flytta på grunn av den politisk ustabile stoda i landet. Han treivst betre etter å ha flytta tilbake til Paris, der han levde som ein hylla mann fram til sin død i 1868.

Kona Isabella døydde i 1845. 16. august 1846 gifta Rossini seg med Olympe Pélissier, som hadde vore modell for måleriet Judith og Holofernes av Vernet.

Caruso framfører Crucifixus frå Petite messe solennelle.

I sistedelen av livet sitt skreiv Rossini to større sakralverk: det berømte Stabat mater (1832; i utvida form 1841) som var meir operamessig enn kyrkjeleg, og Petite messe solennelle (1863). Han skreiv også mange pianostykke, songar og kammermusikk, mellom anna 150 stykke samla i fjortenbandsverket Péchés de vieillesse ('Alderdomssynder'), i tillegg til eit par kantater og mindre korverk.

Grava til Rossini ved Père Lachaise.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Variasjonar over La gazza ladra for fire piano av Marcus Kretzer (byrjinga).

Rossini døydde på landstaden sin i Passy fredag 13. november 1868 av lungebetennelse. Han blei gravlagd på gravstaden Père Lachaise i Paris. I 1887 blei leivningane hans overført til Basilica di Santa Croce di Firenze på oppmoding frå dei italienske styresmaktene.

I 1864 blei ein statue av Rossini reist i Pesaro. I 1888 blei det opna ein musikkskule, Liceo musicale Rossini, på same stad med midlar gjevne av Rossini sjølv. Han oppretta også Prix Rossini for unge librettistar. Størstedelen av formuen sin testamenterte han til ein aldersheim for musikarar i Paris.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Lista er ikkje fullstendig.

Operaer[endre | endre wikiteksten]

  • La Cambiale di Matrimonio - 1810
  • L'equivoco stravagante - 1811
  • Demetrio e Polibio - 1812
  • L'inganno felice - 1812
  • Ciro in Babilonia (eller La caduta di Baldassare) - 1812
  • La scala di seta - 1812
  • La pietra del paragone - 1812
  • L'occasione fa il ladro (eller Il cambio della valigia) - 1812
  • Il Signor Bruschino (eller Il figlio per azzardo) - 1813
  • Tancredi - 1813
  • L'Italiana in Algeri - 1813
  • Aureliano in Palmira - 1813
  • Il Turco in Italia - 1814
  • Sigismondo - 1814
  • Elisabetta regina d'Inghilterra - 1815
  • Torvaldo e Dorliska - 1815
  • Almaviva (eller L'inutile precauzione eller Il Barbiere di Siviglia, norsk Barberen i Sevilla) - 1816
  • La gazzetta (eller Il matrimonio per concorso) - 1816
  • Otello ossia Il moro di Venezia - 1816
  • La Cenerentola (Cinderella, eller La bontà in trionfo) - 1817
  • La gazza ladra (Den tjuvaktige skjæra) - 1817
  • Armida - 1817
  • Adelaide di Borgogna eller Ottone, re d'Italia - 1817
  • Mosè in Egitto - 1818
  • Adina eller Il califfo di Bagdad - 1818
  • Ricciardo e Zoraide - 1818
  • Ermione - 1819
  • Eduardo e Cristina - 1819
  • La donna del lago - 1819
  • Bianca e Falliero (eller Il consiglio dei tre) - 1819
  • Maometto II - 1820
  • Matilde Shabran (Matilde di Shabran eller Bellezza e Cuor di Ferro) - 1821
  • Zelmira - 1822
  • Semiramide - 1823
  • Il viaggio a Reims (eller L'albergo del giglio d'oro) - 1825
  • Le Siège de Corinthe - 1826
  • Moïse et Pharaon (eller Le passage de la Mer Rouge) - 1827 (ein revisjon av Mosè in Egitto)
  • Le Comte Ory - 1828
  • Guillaume Tell (Wilhelm Tell) - 1829

Øvrige verk[endre | endre wikiteksten]

  • Il pianto d'armonia per la morte d’Orfeo
  • Stabat mater
  • Petite messe solennelle

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Gioacchino Rossini i Libris

Kjelder[endre | endre wikiteksten]