Glatt
| Glatt | |
| elv | |
|
Ved Dübendorf
|
|
| Land | |
|---|---|
| Kjelde | Greifensee |
| Munning | Rhinen (Rheinsfelden) |
| - høgd | 356 moh |
| Lengd | 38,5 km |
| Wikimedia Commons: Glatt | |
Glatt er ei mindre sideelv til Hochrhein i Unterland i kantonen Zürich i Sveits. Ho er 38,5 km lang og renn ut frå Greifensee gjennom Glattdalen, og munnar ut i Rhinen ved Glattfelden. Medan dei øvre delane av elva renn slakt, vert elva gradvis brattare lenger nede.
Glatt vart først nemnd i 1034 og kom av det gammalhøgtyske glat, som tyder anten lys, klår, plan eller glatt.[1] Sidan 1400-talet har Glatt vore underlagt byen Zürich.
Etter eit første forsøk på å regulere elva i 1593 og nokre få forsøk tidleg på 1800-talet vart den store omforminga av elva gjort mellom 1878 og 1895. I 1936 vart elva retta vidare opp i samband med bygginga av Zürich lufthamn. Dei siste reguleringane vart gjort i 1975 mellom Niederglatt og samløpet mellom Glatt og Rhinen. Det vart bygd eit vasskraftverk ved elva seint på 1800-talet.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Glatt (Rhine)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Martin Illi: Glatt på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historical Dictionary of Switzerland. Versjon frå 2005-02-11.
- ↑ Gabrielle Schmid/Andres Kristol, Niederglatt ZH (Dielsdorf) in: Dictionnaire toponymique des communes suisses – Lexikon der schweizerischen Gemeindenamen – Dizionario toponomastico dei comuni svizzeri (DTS|LSG), Centre de dialectologie, Université de Neuchâtel, Verlag Huber, Frauenfeld/Stuttgart/Wien 2005 iSBN 3-7193-1308-5 and Éditions Payot, Lausanne 2005 iSBN 2-601-03336-3, s. 646.
| Sideelvar til Rhinen |
|---|
| Frå venstre:
Vorderrhein | Thur | Töss | Glatt | Aare | Ergolz | Birs | Birsig | Ill | Sauer | Lauter | Queich | Speyerbach | Rehbach | Isenach | Eckbach | Eisbach | Pfrimm | Selz | Nahe | Mosel | Nette | Brohlbach | Ahr | Erft | |
| Frå høgre:
Hinterrhein | Landquart | Ill | Dornbirner Ache | Bregenzer Ache | Argen | Schussen | Radolfzeller Aach | Wutach | Murg | Wehra | Wiese | Elz | Kinzig | Rench | Acher | Murg | Federbach | Alb | Pfinz | Kraichbach | Saalbach | Neckar | Weschnitz | Modau | Main | Wisper | Lahn | Wied | Sieg | Wupper | Düssel | Ruhr | Emscher | Lippe | Oude IJssel | Berkel | Schipbeek |