Emscher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emscher
Emscher i Recklinghausen
Emscher i Recklinghausen
Utspring Aust i Ruhrområdet
- Høgd ±160 m
Munning Rhinen
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 84 km
Middelvassføring 16 m³/s
Nedslagsfelt 860 km²

Emscher er ei elv i Ruhrområdet i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 84 km og ei vassføring på 16 m³/s. Ho har sitt utspring i Holzwickede, aust for byen Dortmund, og renn så vestover gjennom Ruhrområdet. Byar langs Emscher er Dortmund, Castrop-Rauxel, Herne, Gelsenkirchen, Essen, Bottrop, Oberhausen og Dinslaken, der ho munnar ut i Rhinen.

Elva er det geografiske senteret i dette store industriområdet med 5 millionar innbyggjarar, og er av den grunn biologisk død, og ho var alt ein open avløpskanal på slutten av 1800-talet. På grunn av gruvedrift har landskapet endra seg og den naturlege elveleia, og dermed har munningen ut i Rhinen flytta seg nordover to gonger. Eit stort moderne kloakkhandsamingssystem ved munningen gjer at vatnet frå Emscher som renn ut i Rhinen likevel har akseptabel kvalitet.

Sidan byrjinga av 1990-åra har ein halde på med eit stort prosjekt for å gjennopprette den naturlege tilstanden til elva. For kloakken vert det bygd store underjordiske røyrleidningar langs heile Emscher. Den første delen som skal tilbake til den naturlege tilstanden er i byen Dortmund. Det totale prosjektet kostar fleire milliardar euro og skal vere ferdig innan år 2014.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Sideelvar til Rhinen
Frå venstre:

Vorderrhein | Thur | Töss | Glatt | Aare | Ergolz | Birs | Birsig | Ill | Sauer | Lauter | Queich | Speyerbach | Rehbach | Isenach | Eckbach | Eisbach | Pfrimm | Selz | Nahe | Mosel | Nette | Brohlbach | Ahr | Erft |

Frå høgre:

Hinterrhein | Landquart | Ill | Dornbirner Ache | Bregenzer Ache | Argen | Schussen | Radolfzeller Aach | Wutach | Murg | Wehra | Wiese | Elz | Kinzig | Rench | Acher | Murg | Federbach | Alb | Pfinz | Kraichbach | Saalbach | Neckar | Weschnitz | Modau | Main | Wisper | Lahn | Wied | Sieg | Wupper | Düssel | Ruhr | Emscher | Lippe | Oude IJssel | Berkel | Schipbeek