Dverggås
| Dverggås | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Anseriformes | |
| Familie: | Anatidae | |
| Slekt: | Anser | |
| Art: | A. erythropus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Anser erythropus | ||
| Dverggås | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Nordsamisk | Giljobaš |
| Svensk | Fjällgås |
| Dansk | Dværggås |
| Engelsk | Lesser White-fronted Goose |
| Tysk | Zwerggans |
| Fransk | Oie naine |
| Spansk | Ansar careto chico, ansar chico |
| Russisk | Piskulka (Пискулька) |
Dverggås (Anser erythropus) er ei lita gås i andefamilien. Ho er 56–66 cm lang, og veg rundt 1,5–2 kilogram.
Eit godt kjenneteikn for dverggåsa er den kvite panneflekken som når heilt opp på framissen, samt den gule augehudringen. Ringen skil ho frå tundragåsa som manglar ringen.
Biotopen åt fuglen er myrar og små fjellsjøar, gjerne der det finst vier og småbjørk. Tidlegare hekka dverggåsa talrikt i heile område frå nordlege Fennoskandia til nordaustlege Sibir, men frå 1940-talet har bestanden gått sterkt attende. I Sverige har dverggåsa vore rekna som utrydda og er kunstig innført igjen. I Fennoskandia er det truleg berre 30–40 par att, alle hekkar truleg i Finnmark. Utanom dette finst det mellom 1500 og 4000 hekkande par i Sibir.
Norsk Ornitologisk Forening (NOF) starta i 1985 eit «prosjekt dverggås» med formål å finne årsakene for den store tilbakegangen i populasjonen. Prosjektet har gjeve verdfulle data og ny kunne om arten.
Dverggåsa finst på den nasjonale raudlista for Noreg som ein direkte utryddingstrua art. Dei som ønskjer å sjå den sjeldne fuglen kan lettast oppnå det om dei oppsøker naturreservatet på Valdakmyra i Porsanger i slutten av mai der ho rastar ei stund før ho spreier seg til hekkeområda.
Bakgrunnsstoff [endre]
- NOF: «Prosjekt dverggås»
- Dverggås ved Direktoratet for naturforvalting
- Side om dverggås frå Norsk ornitologisk forening og WWF Finland (på engelsk)