Gottfried Leibniz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gottfried Leibniz

Gottfried Wilhelm von Leibniz (1. juli 164614. november 1716) var ein tysk filosof, vitskapsmann, matematikar, diplomat og advokat. Leibniz oppfann den matematiske termen funksjon i 1694, som han brukte for å beskrive kvantitet i forhold til ei kurve.

Han var utdanna i jus og filosofi, og gjorde teneste for to større tyske adelshus. Eit av dei, Huset Hannover, vart på den tida den nye engelske kongefamilien. Leibniz fekk spele ei viktig rolle i europeisk politikk og diplomati. Han inntar ein stor plass i historia, på grunn av både filosofisk og matematisk verksemd.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Leibniz var son av ein professor i moralfilosofi ved universitetet i Leipzig. Som student utmerkte han seg slik at han vart tilbode eit professorat då han var 21 år gammal. Men han avslo tilbodet då han ville bli ein verdsmann. Den største delen av den offentlege karrieren sin var han hoffmann, diplomat, bibliotekar og familiehistorikar for hertugane av Hannover. Ein av dei vart kong Georg I av Storbritannia. Dei ulike gjeremåla hans førte han ut på omfattande reiser, og dette saman med skriftene han utgav i samband med reisene, gjorde han til ein beundra offentleg person då han var på høgda. Som gammal var han likevel oversett og gløymt.

Men under heile denne tida utførde han eit stort intellektuelt arbeid. Dette var likevel ikkje eit arbeid som var nedfelt i ein ordna produksjon av bøker, og det vart heller ikkje publisert medan han levde.

Skildringa hans av dei kaotiske omstendi rundt skrivinga er reint rørande: «Når eg har gjort noko, gløymer eg det i nokre månader, og i staden for å leite etter det blant alle arka som eg ikkje har hatt tid til å sortere og registrere, byrjar eg framanfrå igjen».

Resultatet av denne mangelen på struktur vart at i motsetnad til arbeida til til dømes Baruch de Spinoza som presenterer lesaren for eit nøye planlagt og strukturert system, overlét Leibniz det til lesaren sjølv å finne denne heilskapen.

I ettertida er Leibniz særleg vorte hugsa som matematikar og filosof. Men den moderne vitskapen hang til spesialisering grip ikkje heilt Leibniz. Tendensen til å skildre han som ein mann med innsikt på mange område fangar heller ikkje heilt det som er sjølvforståinga til ein polyhistor. Ein polyhistor som Leibniz ville sett det som noko nedverdigande å bli redusert til matematikar og/eller filosof, fordi tida hans la vekt på å røre seg med lærdom og opplyst lettheit over så mange område som mogleg og kunne sameine dei til ein heilskap. Og Leibniz gjorde òg særs mykje som ofte oversjåast: Han skreiv historia til Huset Braunschweig, han stod i spissen for Hertug August sitt bibliotek i Wolfenbüttel, hadde leiinga for ei gruve i Harzfjella, og leia forhandlingar med det siktemålet å fremje forsoning mellom katolikkar og protestantar.

Matematikk[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste viktigaste bidraga til Leibniz i matematikken var at han, uavhengig av Newton, oppdaga infinitesimalrekninga i 1676. Det er mykje som tyder på at Newton kan ha oppdaga infitesimalrekninga tidlegare, men han publiserte ikkje dette før i 1693. Det er teiknsystemet (notasjonen) til Leibniz matematikarane nyttar i dag. Leibniz fann opp den matematiske termen «funksjon» i 1694, som han brukte for å skildre kvantitet i tilhøve til ei kurve.

Han utvikla òg omgrepet kinetisk energi. Han gjorde reie for matematisk logikk, men publiserte ikkje denne nyvinninga. Hadde han gjort det, hadde dette vore eit emne i utvikling halvanna hundreår før det som vart tilfelle. Det banebrytande arbeidet til Leibniz på dette området vart først oppdaga i samband med arbeida til Gottlob Frege og Bertrand Russell.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Ein grunnleggjande distinksjon[endre | endre wikiteksten]

Viss nokre seier til oss: «Ved sida av meg bur det ein raudhåra mann som har ei feit kone», kan dette særs godt vere sant, men det kan like gjerne vere usant. Den einaste sikre måten å finne ut av dette på er å gjere ei grundig undersøking for å avgjere om det bur ein mann ved sida av som har ei feit kone (samanlikna med ei tynn kone eller inga kone i det heile), og om dette er dei einaste som bur i dette huset.

Men viss nokre seier til oss: «I nabohuset bur det ein ungkar saman med den feite kona si», veit ein utan vidare at dette er ei galen utsegn. Ein treng ikkje å gjere nokre undersøkingar i det heile for å fastslå dette, fordi «ungkar» tyder ugift mann. Difor kan ikkje mannen i nabohuset både vere ungkar og ha ei kone, utsegna er sjølvmotseiande og kan difor umogleg vere sant.

Leibniz hevda at alle sanningar må høyre til éin av desse to logiske kategoriane. Anten må vi undersøkja kjensgjerningane for å finne ut om ei utsegn er riktig eller galen, eller ein kan gjere det utan å undersøkja kjensgjerningane, i dette tilfellet må utsegna vere riktig eller galen ved den måten nemninga er brukt på.

Fordi sanninga i den siste typen utsegner kan avgjerast ved å analysere dei utan å ta omsyn til noko utanfor, er dei seinare vorte kalla «analytiske utsegner». Den andre typen er vorte kjent som «syntetiske utsegner». Dette er no dei vanlege nemningane.

Dette skiljet vart utvikla med stor kraft og stort raffinement over ein periode på omtrent tre hundre år. Det vart viktig for den empiriske tradisjonen i filosofien som oppstod mellom Leibniz og Kant, og det utgjorde eit sentralt skilje i filosofien til Kant. På 1900-talet vart det grunnleggjande for den logiske positivismen.

Det har ofte vore sagt at viss ein som studerer filosofi ikkje oppnår anna enn å få ei klår forståing av kva denne distinksjonen inneber, så har ikkje studiet vore bortkasta. Etter kvart vart heile matematikken og logikken oppfatta som ei samling analytiske utsegner, medan all kunnskap som refererte til den empiriske verda, vart forstått som syntetiske.

Leibniz uttalte då òg at «det finst to typar sanningar, fornuftssanningar og empiriske kjensgjerningar». Denne forståinga fekk avgjerande tyding for korleis ein ser på denne typen kunnskap og korleis ein freistar å få slik kunnskap.

Dei negative konsekvensane av dette skiljet er òg viktige. Nektar ein ei analytisk sann utsegn, er det ei sjølvmotseeing, ei slik nekting kan difor ikkje vere sann. Men viss ein nektar ei syntetisk sann utsegn, så er det ikkje ei sjølvmotseiing, det er ei anna syntetisk utsegn som kunne ha vore sant, men som viser seg å ikkje vere det. Det første er følgjeleg umogeleg, medan det andre er eit høve.

Alternative verder[endre | endre wikiteksten]

Ei følgje av dette var at Leibniz introduserte førestillinga om moglege alternative verder. Det hadde vore fullt mogleg for menneske å ha seks fingrar på kvar hand, eller tre. Men det finst inga mogleg verd der vi kunne ha begge delar samstundes. Så sjølv om begge alternativa er moglege, vil røyndomgjeringa av éit høve utelukke røyndomgjeringa av den andre.

Dette fører til ei førestilling om høve som er sameinte med kvarandre, samanlikna med høve som er usameinte. Summen av alle slike høve som lèt seg sameine, utgjer éi mogleg verd, og det finst uendeleg mange av dei.

Leibniz trudde at Gud kunne ha skapt den verda han ville, føresett at det var ei mogleg verd, men sidan han er eit fullkoment vesen, valde han å skape den best moglege verda. Ei verd som inneheld fri vilje, og følgjeleg vonde gjerningar og det vonde, er betre enn ei verd der det ikkje finst nokon fri vilje. Dette er forklaringa til Leibniz på spurnadane til Epikur om kvifor ein fullkommen Gud har skapt ei verda der det finst så mykje vondt.

I romanen sin «Candide» (1759) har Voltaire skapt ein udødeleg karikatur av Leibniz i figuren Pangloss, ein tåpeleg filosofisk optimist som hevdar at alt er til det beste i det beste av alle moglege verder. Men som dei fleste store karikaturar yter han ikkje offeret rettferd, for han får ikkje fram at det er eit alvorleg poeng bak det Leibniz seier.

Den tilstrekkelege grunnen[endre | endre wikiteksten]

Prinsippa til den tilstrekkelege grunnen er ein annan av ideane til Leibniz som vart ein del av den filosofiske tenkinga. Alt som er, sa han, må ha ein grunn til at det er. Viss den sanninga ein spør etter, er analytisk, kan han bevisast utan referanse til ein ytre røyndom, anten ved eit logisk eller matematisk bevis, eller ved ei anna form for deduktiv argumentasjon.

Viss det dreier seg om ei sak som involverer meining, kan ein vise til definisjonar, eller viss det dreier seg om ein aktivitet avgjort av reglar, som til dømes spel eller ein konvensjonell aktivitet, kan ein appellere til reglar eller konvensjonar.

Dersom det dreier seg om ein syntetisk sanning som forheld seg til korleis tinga faktisk er, så er dei tilstrekkelege grunnane dei fysiske årsakene som har hatt som naudsynt konsekvens at desse tinga er som dei er. Ein adekvat forklaring av noko er difor å få fram den tilstrekkelege grunnen til fenomenet.

I eit konkret tilfelle må ein i følgje Leibniz først og fremst finne ut kva for ei sanning det dreier seg om, deretter må ein søkja etter det som vil vere ein eigna tilstrekkeleg grunn til nettopp denne typen sanning. Dette metodeprinsippet blir framleis brukt i forsking.

«Preetablert harmoni»[endre | endre wikiteksten]

Leibniz var på mange måtar ein forbløffande moderne tenkjar. Medan tidlegare tenkjarar hadde oppfatta materien som treig, og trudd at rørsle var forårsaka av at treig materie vart gjeve eikor form for støyt, oppfatta Leibniz rørsle, eller i kvart fall aktivitet, eller tendens til aktivitet, som noko ibuande i materien.

Han var i røyndomen overtydd om at det som i siste instansen konstituerte materien, ikkje i seg sjølv var noko materielt, men ikkje-materielle aktivitetssenter. I dag er det sjølvsagt anerkjent at all materie lèt seg redusere til energi, men ideane til Leibniz på dette området var forbløffande føresjåande.

Men på 1600-talet var det einaste vokabularet folk kunne nytte når dei snakka om ikkje-materielle aktivitetssenter, avgjort av ord som «medvit», «ånd» og «sjel». Og det var på denne måten Leibniz freista å uttrykkje seg. Punkt med tendens til aktivitet konstituerer materien. Han oppfatta dei som medvitssenter som utgjorde punkt i rommet. Han kalla dei «monadar» og trudde at alt bestod av dei.

Sjølv om Leibniz oppfatta alle monadane som ikkje-romlege storleikar, forstod han dei som svært ulike med omsyn til intensitet: Frå dei som konstituerte ikkje-organisk materie til medvitet til kvart enkelt menneske og derfrå til gud som òg er ein monade.

Kvar monade representerer eit perspektiv i tilhøve til resten av røyndomen - han er si eiga verd. I denne forstanden eksisterer det ikkje nokon gjensidig påverknad mellom monadane - vi menneske tek til dømes ikkje del i medvitet til kvarandre - vi er det Leibniz kalla «utan vindauge».

Men alle monadane vart ifølgje Leibniz skapt av Gud for å eksistere saman i den same verda, difor etablerte han ein harmoni mellom dei ulike funksjonane slik at alt og alle aktivitetar kan eksistere i eit fellesskap. Uttrykt «preetablert harmoni» er vorte den mest brukte skildringa av systemet til Leibniz.

Interesse for Kina[endre | endre wikiteksten]

Leibniz var levande interessert i Kina, og heldt nær kontakt med med dei leiande Kina-misjonærane frå jesuittordenen. Han rekna den konfucianske filosofien som ei stadfesting av hans eigne teoriar om universelle sanningar. Han var såleis ein tidleg sinolog; det er vanleg å rekne dei relativt få Kina-ekspertane frå denne historiske epoken som protosinologar for å skilje dei frå den sinologien som oppstod då Kina-granskinga vart eit europeisk universitetsfag.

Noko som var felles for mange protosinologar var trua deira på ein såkalla Clavis Sinica, ei slags «nøkkel» til det kinesiske språket som ville mogeleggjere ein radikalt enklare tilgjenge til språket. Bakgrunnen for denne overtydinga var at den europeiske oppdaginga av dei mange språka i Asia gjenoppliva erindringa av den bibelske skildringa om Babels tårn (1 Mo 11,1-9) som ein meinte hadde brakt til opphøyr den alminnelege utbreiinga av det språket som Gud hadde skjenkt Adam (1. Mos 2,19-20). Nokre protosinologar meinte at kinesisk var ein viktig nøkkel til dette urspråket, medan andre meinte at kinesisk sjølv måtte vere sjølve urspråket. Atter andre meinte at det ville vere umogleg å finne att urspråket, men såg på det kinesiske skriftspråket som ein måte å konstruere eit nytt universelt språk. Det var denne gruppa som Leibniz høyrde til: Dei kinesiske skriftspråka måtte etter oppfatninga hans bestå av realkarakterar som kunne fungere som universelt kommunikasjonsmiddel.

Leibniz skreiv generelt svært innsiktsfullt om Kina. I innleiinga til verket Novissina Sinica (1697) hevda han at europearane hadde overtreft kinesarane når det gjeldt dei komparative vitskapane og var på høgd med dei innan teknologi, men at kinesarane derimot var kome lengjer enn Europa innan praktisk filosofi, og han meinte med det tilpassinga av etikk og politikk til det daglege livet. Leibniz frykta at Europa ville bli hengjande etter Kina dersom utvekslinga mellom Kina og Europa ikkje vart meir gjensidig. Han gjekk inn for at kinesarane måtte innbydast til å sende «misjonærar» til Europa som skulle undervise europearane i naturleg religion.

Leibniz hadde ein særleg intellektuelt fruktbar brevveksling med franskmannen Joachim Bouvet (1656-1730), ein av dei fremste jesuittmisjonærane ved det kinesiske keisarlege hoffet. Bouvet var i ferd med å utvikle ein teologi som er vorte kalla figurismen, og som fascinerte Leibniz. Korrespondansen mellom dei to dreidde seg òg i stor grad om Yijing, den eldste av dei kinesiske klassikarane, som inneheldt eit binært talsystem, Xiantian Zixu, som foregreip og for det meste stadfesta det systemet som Leibniz sjølv hadde utvikla. For Leibniz var denne oppdaginga og det arbeidet han gjorde på grunnlag av xiantian zixu av umåteleg stor verdi.

Verk og språkleg innverknad[endre | endre wikiteksten]

Leibniz skreiv om mange tema innan mange av greinene til filosofien, men publiserte berre korte avhandlingar.

  • «Theodicé» (1710) er eit uttrykk for trua hans på opplysning og fornuft. Ei tru som Voltaire skreiv ein satire over i «Candide».
  • «Monadologi» (1714) hevdar at alt består av einingar som Leibniz kallar monadar.

Leibniz skreiv sine filosofiske avhandlingar på latin og korresponderte ofte på fransk. Men som nasjonalist og i tråd med ideala på 1700-talet om språkleg reinleik, foreslo han for eit tysk akademi å fremme tysk språk. Filosofar etter Leibniz byrja å skrive på tysk, og dette fekk stor tyding for språket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]