Grunnvasspegel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisse av grunnvasspegelen med endringar mellom sommar og vinter.

Grunnvasspegel er den øvre grensa for nivået til grunnvatnet[1] i berggrunn eller jordgrunn. Denne kan vera så djup at ein må bora eller grava ein brønn for å skaffa drikkevatn. Han er definert som «den flaten der grunnvannstrykket er lik atmosfæretrykket».[2] Grunnvasspegelen dannar den øvre grensa av den freatiske sona.

Tørke eller lågare nedbørsmengder vil føre til at grunnvasspegelen blir lågare, medan han i regntid kan stiga til bakkenivå.

Endringar i grunnvassnivået[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av Romeriksporten, jernbanetunnelen frå Oslo til Lillestrøm, førte til endringar i grunnvasspegelen i Østmarka i Oslo. Fjellet der tunnelen skulle gå var oppsprekt. Då tunnelen var ferdig, fungerte han som eit dreneringsrøyr for fleire tjern og småvann i Østmarka i Oslo. Nordre Puttjern blei nesten heilt tørrlagt.

I botnen av Engavatnet i Brønnøy i Nordland er det eit hull som er forbunde med eit grottesystem. Dette holet er vanlegvis tetta att av leire, men når grunnvasspegelen synk, kan denne «proppen» kollapsa, og vatnet forsvinn.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]