Guden Mars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romerske myntar prega med keisar Aemilianus (venstre) og Mars med grein, spyd og skjold (høgre)

Mars er namnet på ein romersk gud som har gitt namn til planeten Mars og mars månad. Opphavleg var han guden for grøde, grøderikdom og kyr, men seinare vart han helst forbunden med krig. Mars har mykje til felles med den greske guden Ares og med den nordiske Ty. Hovudtempelet til Mars låg på Kapitolhøgda og vart delt med Jupiter og Quirinus.

Symbolet for guden Mars, planeten Mars, for det mannlege, og for jarn.

Det er sagt at Mars var sonen til Juno og ein magisk blome, eller kanskje Jupiter sjølv. Bellona, den romerske krigsgudinna, skal ofte ha opptrådd på slagmarka saman med han, og er i ulike forteljingar kona, systera, dottera eller syskenbarnet hans. Nerio er òg nemnd som kona hans. Borna hans var Timor og Fuga, som svarar til Phobos og Deimos i gresk mytologi, og tvillingane Remus og Romulus, dei mytiske grunnleggjarane av Rom.

Mars vart ofte framstilt som ein krigar med hjelm i romersk kunst. Ulven og hakkespetten var via han.

Framstilling av Mars, Venus og Cupid frå 1500 av Paris Bordone.

Bruk av namnet[endre | endre wikiteksten]

Mars, med genitivsforma Martis, har gjeve opphav til namnet på månaden mars og planeten Mars. Særleg på romanske språk har tysdag namn etter han, som Martedìitaliensk, mardifransk, martesspansk og Mawrthkymrisk. Den opphavlege latinske nemninga for den tredje dagen i veka var Martis Dies.

Ei rekke namn er avleidde av gudenamnet, frå latinsk Martinus til Martin, Martine, Morten og liknande. Markus og nærskylde namn kan også ha vore avleidde frå Mars.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Guden Mars