Guernica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gernikako Arbola, eit eiketre i Gernika der mange herskarar lova å fylgja dei baskiske Fueros (reglar og rettar).

Guernica (baskisk språk Gernika), er ein by i Baskarland, nord i Spania. Byen vart særleg kjend under den spanske borgarkrigen, då byen den 26. april 1937 vart utsett for bombing av den tyske kondordivisjonen frå Luftwaffe. Tusentals menneske omkom.

Pablo Picasso har skildra hendinga i form av eit mykje omtala måleri. Måleriet Guernica finst på Museo Reina Sofía den spanske hovudstaden Madrid. Ein reproduksjon av måleriet finst i dei sameinte nasjonane sitt hovudbygg i New York. Måleriet som vert kalla ”Guernica” er 3,45 x 7,7 meter.