Baskisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baskisk
(euskara)
Klassifisering: isolat
Bruk
Tala i: Spania, Frankrike
Område: Baskarland
Baskisktalande i alt: ca. 1 033 900 (2001)
Rangering: ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem: Det latinske alfabetet med nokre tilleggsbokstavar
Offisiell status
Offisielt språk i: Euskadi og Navarra i Spania
Normert av: Euskaltzaindia
Språkkodar
ISO 639-1: eu
ISO 639-2: baq (B) / eus (T)
ISO 639-3: eus

Baskisk (baskisk: euskera / euskara / eskuara) er eit språk utan kjende slektspråk, eit isolert språk, som blir snakka langs Biscayabukta i Spania og Frankrike, i regionen som blir kalla Baskarland. Språket blir tala av om lag 690 000 baskarar. Mange baskisktalande bur utanfor Baskarland, og om me tel med dei blir talet på baskisktalande om lag 800 000.

Namnet baskisk kjem frå det latinske ordet vascones, eit namn som blei brukt om keltiberarar, ei gruppe keltarar som budde på den iberiske halvøya. Ordet deler etymologi med den baskiske forstavinga euski-.
Baskarane kallar seg sjølve Euskaldunak, som er avleidd frå språknamnet euskara (og tyder altså «baskisktalande»).

Baskisk er i dag det einaste ikkje-indoeuropeiske språket som blir bruka i Vest-Europa, attåt samisk og austersjøfinsk i Nord-Europa og maltesisk i Sør-Europa, og det einaste isolerte språket på det europeiske kontinentet. Baskisk har halde stand mot indoeuropeiske språk i tusenvis av år, blant dei keltisk, latin og dagens romanske språk. Det er sannsynleg at språket er det einaste gjenlevande språket av dei som blei tala i Europa før dei indoeuropeiske språka kom.

Latinske innskrifter av romersk opphav i Aquitaine (Sør-Frankrike) inneheld fleire ord som liknar svært mykje på baskiske, til dømes personnamna Nescato og Cison (neskato og gizon tyder 'jente' og 'mann' på moderne baskisk). Dette språket er kalla aquitansk, og blei truleg tala før romarane bringa med seg latin til Vest-Pyreneane. Romersk forsøming av denne regionen gjorde at baskisk overlevde som språk, mens andre ikkje-indoeuropeiske språk på Den iberiske halvøya, som til dømes iberisk og tartessisk, døydde ut og blei erstatta med latin.

Etnolingvistiske data[endre | endre wikiteksten]

Talet brukarar, språkstatus[endre | endre wikiteksten]

Prosenten med fyrstespråkstalarar i dei baskiske delane av Spania og Frankrike.

Baskisk blir brukt av om lag 690 000 menneske i Nordaust-Spania og Sørvest-Frankrike. Ein finn ikkje pålitelege tal på brukarar av baskisk som bur utanfor det baskiske området, men truleg finst det rundt 90 000 elles i Europa og Amerika som talar eller kan forstå baskisk. Dersom me tar med dette talet, kan me seie at det totale talet på baskisktalande nærmar seg 800 000. (1998 utgåva av Encyclopædia Britannica har eit høgare tal, men Ethnologue – som baserer seg på tal frå 1991 – legg fram talet 650 000. I folketeljinga i 1994 var det 618 000 morsmålsbrukarar. 1999 utgåva av EUSTAT, EUs årlege statistikkbok, seier at det fanst 690 000 brukarar i Spania, mens Instituto Cultural Vasco i 1997 rekna med at det var 56 000 baskiskspråklege i Frankrike over 15 år).

Nesten alle baskiskspråklege er fleirspråklege, og forstår hovudspråka i landa der dei bur.

Geografisk distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Dei baskiske hovuddialektane.

Det baskiske geografiske språkrommet omfattar ei 50 kilometer brei stripe fra Bilbao i Spania til Bayonne i Frankrike, og har eit samla areal på om lag 100 000 kvadratkilometer. I Spania gjeld dette provinsane Gipuzkoa (Guipúzcoa), delar av Bizkaia (Viscaya) og Nafarroa (Navarra), og det nordaustlege hjørnet av Araba (Álava). Baskarane i desse spanske områda bur som oftast i industriaområde.
I Frankrike blir baskisk mest brukt i vestlege delar av departementet Pyrénées-Atlantiques, eit område som tidlegare var delt inn i provinsane Labourd, Basse-Navarre og Soule.
I tillegg til i desse to landa finn du òg store grupper baskisktalande i USA, Latin-Amerika, Australia, Filippinene og i andre delar av Europa.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Stadnamn[endre | endre wikiteksten]

Tospråklege skilt i Spania

Mange byar i Baskarland har både eit baskisk og eit kastiljansk (spansk) namn, og det kastiljanske er det som vert brukt på norsk. Dette er eit oversyn over kva dei største baskisktalende byane heiter på baskisk:

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediabaskisk