Guillaume

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Guillaume er eit fransk mannsnamn med opphav i det germanske namnet Wilhelm, og svarer soleis til det norske førenamnet Vilhelm. Namnet Wilhelm er samansett av will, 'vilje', og helm, 'hjelm, vern'.

Ettersom namnet Guillaume er ei romansk versjon av namnet Wilhelm, er dei historiske personane som på norsk er kjende under namnet Wilhelm, kjende under namnet Guillaume i dei fransktalande landa. Til dømes er Guillaume le Conquérant den same normanniske erobrarkongen som er kjend som Wilhelm Erobraren i Noreg, Guillaume IV du Royaume-Uni den same som Vilhelm IV av Storbritannia, og Guillaume II d'Allemagne den same som Wilhelm II av Tyskland.

Guillaume er òg nytta som etternamn. Eitt av fleire døme er Charles Édouard Guillaume (1861-1938), ein sveitsisk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1920. Dessutan finst Guillaume i geografiske namn som i Sillé-le-Guillaume, ein kommune i departementet Mayenne i Frankrike.

Dei ulike variantane av førenamnet i dei romanske språka[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike variantane av førenamnet i dei germanske språka[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike variantane av førenamnet i dei keltiske språka[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]