Gultoppkakadu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gultoppkakadu

Status i verda: LC Livskraftig

GultoppkakaduFoto: JJ Harrison
Gultoppkakadu
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Cacatuidae
Slekt: Cacatua
Art: C. galerita
Vitskapleg namn
Cacatua galerita

Gultoppkakadu, Cacatua galerita, er ein relativt stor kvit kakadue funnen i skogkledde habitat i Australia og Ny-Guinea. Lokalt kan dei opptre særs talrike, noko som fører til at dei nokre gonger blir vurdert som skadedyr. Dei er vel kjente i fuglerøkt, sjølv om dei kan vere krevjande kjæledyr.

Gultoppkakadua har ei total lengd på 44-55 cm, den australske underarten er større enn underarter på Ny-Guinea og nærliggande øyar. Fjærdrakta er samla sett kvitt, medan undervengen og halen er farga gult. Den uttrykksfulle fjørtoppen på hovudet er gul. Nebbet er svart, beina er grå, og augeringen er kvitaktig. Hannar har vanlegvis nestan svarte auge, medan hoene har meir raude eller brune auge, men dette krev optimale lysforhold for å avgjere.

Utanfor Australia har dei vorte introduserte til Singapore, der talla rekna å vere mellom 500 og 2000. Dei har òg vorte introdusert til Palau og New Zealand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gultoppkakadu