Papegøyefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Papegøyefuglar


GrønbrystloriVini australis
Grønbrystlori
Vini australis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes

Wagler1830
Familiar

Papegøyefuglar eller papegøyar, Psittaciformes, er ein biologisk orden av omkring 360 fugleartar spreidd i dei fleste varme og tropiske område. Det største mangfaldet av papegøyar finn vi i Sør-Amerika og i Australasia.

Dei karakteristiske trekka ved papegøyefuglar inkluderer eit sterkt krumma nebb, oppreist haldning, kraftige bein og klør. Beina har to tær framover og to bakover (zygodaktyl). Dei fleste parakittar har grøn farge som basis i fjørdrakta, blanda med andre klåre farger, og somme artar har fleirfarga basis. Kakaduer har farger som spenner frå mest kvitt til mest svart, og har ein fjørtopp på hovudet som dei kan reise opp. Dei fleste papegøyar er monomorfiske eller dei syner minimal kjønnsdimorfisme. Dei nolevande artane varierer i storleik frå dvergspettepapegøye, på under 10 gram 8 cm i lengd, til hyasintara på 1,0 meter i lengd, og kakapo på 4 kg i vekt. Om ein ser på kroppslengda, er papegøyefuglar den fugleorden som har størst variasjon av alle ordenar.

Dei vektigaste ingrediensane i dietten åt dei fleste papegøyar er frø, nøtter, frukt, knoppar og anna plantematerialar, og nokre få artar et også insekt og smådyr. Loriar er spesialiserte til å hauste nektar frå blomar, og frå mjuke frukter. Nesten alle papegøyar hekkar i hole tre, legg kvite egg og får ungar som er hjelpelause når egga er klekt.

Saman med fuglane i kråkefamilien, er papegøyefuglar nokre av dei mest intelligente fuglar. Eigenskapen som somme papegøyeartar har til å imitere menneskestemmer forsterkar populariteten som kjæledyr. Førekomsten av papegøyar er svekka grunna fangst og handel med fuglar, jakt, tap av habitat og konkurranse frå artar som er ført inn i habitata deira.[1] I den seinare tida har det vore sett inn tiltak for å verne leveområde for nokre høgprofilerte karismatiske papegøyeartar, dette har òg gjeve vern for mindre kjente artar i økosystemet.[2]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Det var tidlegare vanleg å dele inn papegøyefuglar i to familiar, parakittar, Psittacidae, eller ekte papegøyar og kakaduer, Cacatuidae. I dag er dei tre artane kea, kaka og kakapo isolert i ein ny familie Strigopidae, engelsk namn 'New Zealand Parrots', alle tre er endemiske til New Zealand.[3]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snyder, N; McGowan, P; Gilardi, J; & A Grajal (2000), Parrots: Status Survey and Conservation Action Plan, 2000-2004. Kapittel 1. vii. IUCN ISBN 2-8317-0504-5.
  2. Snyder, N; McGowan, P; Gilardi, J; & A Grajal (2000), Parrots: Status Survey and Conservation Action Plan, 2000-2004. Kapittel 2. side 12. IUCN ISBN 2-8317-0504-5.
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012