Sindhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sindhi
Klassifisering: indoeuropeisk
 indo-iransk
  indo-arisk
   nordvestre sone
Bruk
Tala i: Pakistan og India
Sindhitalande i alt: 54,3 millionar
Skriftsystem: persisk, devanagari
Språkkodar
ISO 639-1: sd
ISO 639-2: snd
ISO 639-3: snd

Sindhi (سنڌي, सिन्धी) er eit indo-arisk språk som blir tala av sindhiar, hovudsakleg frå Sindh i Pakistan, og eit mindretal i India.

I Pakistan er sindhi det tredje mest utbreidde språket (etter panjabi og pasjto) med 41 millionar talarar. 12 millionar indarar snakkar sindhi. Det er offisielt språk i Sindh-provinsen, og eitt av 22 offisielt «nemnde» språk i India. Standardtalemålet av sindhi heiter vitsjoli.

I India finn ein flest sindhitalande i Rann av Kutch og på Kathiawar-halvøya. Sindhi likner mykje på katsji, som blir tala like sør for dette området i Gujarat, og er nært i slekt med dei vestpanjabiske lahndaspråka snakka nord i Sindh og sør i Panjab.

Språket stammer frå vratsjada, eit apabhramsaspråk. Gjennom fleire hundreår med muslimsk påverknad har språket teke opp i seg mange persiske og arabiske lånord.

Sindhi kan skrivast med tillempa utgåver både av devanagari og det persiske alfabetet. Ein tok først til å trykka sindhilitteratur på 1920-talet.

Sufiar som Sachal Sarmast, Shah Abdul Latif Bhittai og ikkje minst Lal Shahbaz Qalander er kjende sindhidiktarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen som har med India og Pakistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.