Gutorm Gjessing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gutorm Gjessing (14. april 190627. april 1979) var professor dr. philos i etnografi og styrar for Etnografisk museum frå 1947 til 1973 ved Universitetet i Oslo.

Oppvekst og studiar[endre | endre wikiteksten]

Gjessing var fødd på StrandaSunnmøre, men tok artium ved Oslo Katadralskole i 1924, og sette i gang med magistergradsstudium i arkeologi. Han fekk magistergraden i 1931, og doktorgrad i 1934: "Studier i norsk merovingertid".

Arbeid som konservator[endre | endre wikiteksten]

Han var tilsett som konservator i arkeologi ved Tromsø museum i 1936 - 1940. Gjessing utgav saman med kona si, Gjertrud Gjessing, i 1940 arbeid om den samiske folkedrakta. Han skreiv òg om norsk fangstkultur, om helleristningar i Nord-Noreg og Trøndelag, og om spennande utgravingar på Træna m.m.

Frå 1940 til 1946 jobba han som konservator i arkeologi ved Oldsaksamlinga til Universitetet i Oslo. Før krigen var over, hadde han gidd ut ei populærvitskapleg oversikt, "Norges steinalder", på ca 500 sider. Han var i USA på Rockefeller-stipendiat 1946 - 1947, forskinga der ville i USA blitt kalla kulturantropologi.

Politisk engasjement[endre | endre wikiteksten]

Her blei ein politisk bevisstgjeringsprosess sett i gang, og han er sitert på «Jeg tok til å tvile alvorlig på bærekrafta av våre vestlige, kapitalist-demokratiske system» - og: «Det er blitt klarere og klarere for meg at etnografien (antropologien) ikke kan stå likegyldig overfor utviklinga i dei »rike landa«, med framvoksteren av mangenasjonale gigantkonsern og den intense offensiven disse konserna og i det heile storindustrien og finanskapitalen har sett inn for å bevare og å styrke de økonomiske og dermed Vestens politiske privilegier i de såkalte »U-landa« som jo alltid har vært vårt viktigste arbeidsfelt. Fortsetter faget å se bort fra disse fenomena, er det ikke i pakt med virkeligheta.»

Han var engasjert i problemfeltet same/nordmann og samespørsmål generelt, heilt frå Tromsø-tida og til sin død. I 1951 fekk han overført Etnografisk museum si samesamling til Norsk folkemuseum ut fra resonnementet at samane skulle vere likeverdig representerte i vårt sentrale nasjonalmuseum. Han var medlem av samekomiteen av 1956.

Gjessing har alltid vore politisk bevisst, og gjekk i ei stadig meir radikal retning. F.eks. var han med på å starte Sosialistisk Folkeparti saman med Finn Gustavsen, Knut Løfsnes, og fleire. Han var i ein periode formann i antikrigsorganisasjonen Folkereisning Mot Krig.

I 1950 var han leiar av den første norske kulturdelegasjon til Kina, og i 1966 var han med i delegasjon til Israel (kfr. biografiliste)

Nokre prisar han har motteke[endre | endre wikiteksten]

Delvis bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • «Mennesket er ett - kulturforskning og kulturkrise» - 1948
  • «Individ og samfunn hos naturfolk» - Etnologisk Samfunns Skrifter - 1948
  • «Krigen og kulturene» - 1950
  • «Mennesket og kulturene» i 2 bind - 1952
  • «Changing lapps», nr. 13 i London School of Economics skriftsserie "Monographs in sosial anthropology", samling forelesningar haldne der - 1952
  • «Sosio-culture» - 1956
  • "De hundre år - Universitetets etnografiske museums historie 1857 - 1957 - Studies honouring the centennial of Universitetets etnografiske museum vol.V (saman med Marie Krekling Johannessen) - 1957
  • «Samfunn og kultur» - 1963
  • «Sosialisme og fred» - 1965
  • «Kibbutz, Ikke-kommunistisk kommunisme» - 1967
  • «Complementarity, value, and socio-cultural field» - 1968
  • «Norge i Sameland» - 1973
  • «Ideer omkring forhistoriske samfunn» - utg. av Oldsaksamlingen 1977
  • «Kultur og samfunn er ett» - 1977

Kjelde[endre | endre wikiteksten]