Gydanhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Gydanhalvøya.
Satellittbilete av Gydanhalvøya

Gydanhalvøya (russisk Гыданский полуостров - Gydanskij goluostov) er ei halvøy på kysten av Sibir ved Karahavet i Russland. Ho er om lag 500 km lang og 260 km brei. Denne breie halvøya ligg mellom estuara til Ob (Obbukta) og Jenisej, som er to viktige elvar i Russland. Den sørvestlege delen av halvøya grensar til Tazestuaret.

Gydanhalvøya er hovudsakleg flat med mange elvar og innsjøar. Nesten heile halvøya er dekt av permafrost og tundra.

Langs kysten av halvøya ligg fleire mindre halvøyar som strekkjer seg nordover i Karahavet. Nord for halvøyar ligg nokre store øyar, som Olenij, Sjokalskij og Vilkitskij. Det er to bukter på nordkysten, den smale og djupe Khalmjerbukta og den mindre Juratskijbukta.

Gydanhalvøya ligg i Jamalo-Nenetsk autonome okrug.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]