Permafrost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fordeling av permafrost, tele og snø på den nordlege halvkula. Lilla: Område med permafrost. Blått: Område med tele meir enn 15 dagar per år. Rosa: Område med tele, men berre i mindre enn 15 dagar per år. Tjukk linje: Grense for område med snø.

Permafrost vil seia at det er tele i jorda året rundt. Medan øvre jordlag kan tina om sommaren, vil dei som er lenger nede alltid vera frosne. Permafrost er vanleg ved dei nordlegaste og sørlegaste breiddegradene. I Noreg er det typisk permafrost i høgfjellet og på Svalbard.

Vitskapleg er permafrost definert som område der MAGT, (mean annual ground temperature, 'gjennomsnittleg årleg bakketemperatur') ligg under trykksmeltepunktet i minst to år på rad. Dette tilsvarar som oftast område der MAAT (mean annual air temperature, 'gjennomsnittleg årleg lufttemperatur') er −2 °C eller kaldare.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Det finst tre hovudtypar permafrost, eigentleg berre definert etter kor mykje permafrost det er i eit område:

Sporadisk permafrost[endre | endre wikiteksten]

Sporadisk permafrost finn ein i område som eigentleg er for varme for å ha permafrost. Men lokale tilhøve gjer at det likevel er isolerte flekkar med permafrost. Typisk er dette i myrområde, som palsmyrar. Dette finn vi mange stader i Noreg, til dømes på Dovre eller i Jotunheimen, rundt 300 til 400 meter lågare enn der vi finn diskontinuerleg permafrost.

Diskontinuerleg permafrost[endre | endre wikiteksten]

Diskontinuerleg permafrost finn vi i Jotunheimen, på Dovre, i Sølen, og andre stader i Sør- og Nord-Noreg. Dette er område med mykje permafrost, men som ofte vil vera avbrotne av område utan.

Kontinuerleg permafrost[endre | endre wikiteksten]

Kontinuerleg permafrost finn vi mellom anna høgt i Jotunheimen og på Svalbard. Dette er stader der permafrosten er over alt bortsett frå enkelte stader. På Svalbard til dømes er det berre under dei store isbreane det ikkje er permafrost. Her er permafrosten 100 meter tjukk ved kysten mens han er 400 til 500 meter tjukk i fjellområda.

Aktivt lag[endre | endre wikiteksten]

Kvar sommar smeltar det øvste laget i permafrosten. Dette blir kalla det aktive laget og vil ha forskjellig tjukkleik avhengig av korleis det lokale klimaet er. Tjukkleiken kan variere frå 0,5 til 5 meter.

Landformar[endre | endre wikiteksten]

Døme på iskilepolygon

Permafrosten gir opphav til ein menge landformar. Dei kan vera:

Infrastruktur i permafrostområde[endre | endre wikiteksten]

Bygging i permafrostområde kan vera ei utfordring. Til dømes må alt av kablar og vassrør gå over bakkenivå for ikkje å bli pressa opp av permafrosten og alle oppvarma bygg må plasserast på pelar over bakkenivå så varmestråling ikkje smeltar permafrosten i lausmassane under. Og pelane må vera lengre ned i grunnen enn det aktive laget er tjukt. På Grønland løyser dei problemet på ein annan måte, ved å setja opp bygg på berggrunn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)