Olenij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Olenij i Karahavet.

Olenij (russisk Остров Олений; Ostrov Olenij) er ei øy i Karahavet berre nokre kilometer frå kysten av Sibir i Russland. Ho ligg nord for ein av armane av Gydanhalvøya. Ho er dekt av tundravegetasjon og myrer, er 53 km lang og i snitt om lag 27 km brei. Øya har eit areal på 1197 km².

Havet omkring Olenij er dekt av pakkis om vinteren og det er mykje isflak sjølv om sommaren, så ho er som regel landfast med Gydanhalvøya, som det berre går eit 2 km smalt sund mellom.

Olenij høyrer til Jamalo-Nenetsk autonome okrug som ligg nord i Tjumen oblast. Olenij er òg ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Øya må ikkje forvekslast med andre øyar med same namn. Ei av desse ligg i Karahavet i Plavnikovijeøyane, medan dei andre ligg i Barentshavet og Kvitsjøen.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Sørvest for Olenij ligg tre små øyar kalla Prokljatyjeøyane (Проклятые острова; Prokljatyje ostrova) ved 72° 15' N og 77° 05' E.
  • Rovnyjøya ligg nær kysten, eit par kilometer aust for Prokljatujeøyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]