HMS «Beagle»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

HMS «Beagle» var ein britisk fregatt bygd og brukt av den kongelege marinen av England. Ho vart sjøsett 11. mai 1820, i elva Themsen, men stod ferdig bygd to år før (i 1818) same månaden. Fregatten går under kategorien Cheriokee-klassen, ei britisk klasseinndeling, som tyder at ho har to stormaster. I juli same året var ho med på feiringa av kroninga av George IV, der HMS «Beagle» var den fyrste til å segla under den nye London Bridge. Skipet er mest kjend for å vera Charles Darwin sitt skip under dei mange ekspedisjonane hans.

Fyrste segling[endre | endre wikiteksten]

HMS «Beagle» i ein illustrasjon av Conrad Martens.

Etter jomfruturen i Themsen vart «Beagle» oppgradert, restaurert og endra slik at det skulle gjera ein best mogleg jobb for marinen. Ikkje før i 1826 var skipet heilt klar til si fyrste segling. Pringle Stokes vart utnemnd til å vera kaptein på «Beagle». Skipet drog vestover langsmed Themsen og vart deretter frakta til Plymouth, der det vart sjøsett på havet for fyrste gong.

Jobben til «Beagle» var å følgja HMS «Adventure», eit forskingsskip som hadde spesialisert seg på seismikk. I 1828 var skipa komne til Eldlandet (òg kalla for Tierra del Fuego), eit farvatn utanfor sørkysten av Argentina. I dette aude og einsléta havet vart kaptein Stokes annleis. Han vart inneslutta og deprimert, og låste seg inne i kahytta si i over to veker. Han skaut seg sjølv med ein revolver andre dag i august.

Beagle segla nord att til Rio de Janeiro, der ein 23 år gamal aristokrat vart utnemnd til kaptein. Mannskapet var kritisk til denne ungguten, som i deira augo hadde liten erfaring på sjøen. Den nye kapteinen, Robert FitzRoy, prova mannskapet at dei ikkje hadde rett. «Ungguten» viste gode leiareigenskapar og viste grundege synfaringar og tilsyn.

FitzRoy er mest kjend for sine originale problemløysningar, der han ei gong tok to indianske gislar med seg, ein gut og ei jente, etter ein krangel med dei infødde i Argentina. FitzRoy gav dei ikkje attende, men tok dei like så gjerne med seg heim att. Guten fekk namnet Jeremy Button (kalla seg sjølv for Orrundelico) og var ein kjendis i London for ein liten periode.

Andre segling[endre | endre wikiteksten]

FitzRoy trudde han skulle verta verande på «Beagle», men vart bytta ut av ein lord av ei rekkje grunnar. Lorden likte ikkje all undersøkinga i Eldlandet med «Adventurer». Men hovudårsaka var at FitzRoy skulle bli utnemnd til kommandør på HMS «Chanticleer», som skulle ut på ein ekspedisjon i 1830. Det viste seg etterpå at «Chanticleer» var i altfor dårleg skikk, og «Beagle» måtte att trø til. Den unge kapteinen vart attutnemnd til kommandør på fregatten sumaren 1831, med sine to gode løytnantar John C. Wickham og Bartolomeus James Sulivan. FitzRoy fekk att løyve til å ferda attende til Sør-Amerika.

På hausten same året takka den unge nyutdanna naturalisten Charles Darwin ja til å slutta seg saman med FitzRoy og hans menn ned til Sør-Amerika. Den 22 år gamle kristne mannen såg på dette som ein flott moglegheit til å sjå nærare på dyra han hadde studert og skjert i ved University of Cambridge.

27. desember 1831 byrja endeleg ferda til «Beagle» frå Plymouth.