Hallgrímur Pétursson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hallgrímskirkja i Saurbær.

Hallgrímur Pétursson (161427. oktober 1674) var ein islandsk prest og diktar.

Hallgrímur var fødd i Hólar nord på Island der onkelen var biskop og far hans ringde kyrkjeklokkene. Som ung rømde han heimefrå og til fastlands-Europa, der han blei smedlærling. Den omreisande islandske presten Brynjólfur Sveinsson kom over Hallgrímur i Glückstadt, då ein del av Danmark, og hjelpte han til å koma inn ved Vor Frue Skole i København.

Under det siste skuleåret fekk Hallgrímur Pétursson i oppgåve å gje kristendomsundervising til ei gruppe islendingar som var henta heim frå eit niårig fangenskap ved Barbareskkysten (dei var blitt røvde under Tyrkjaránið, 'tyrkarrana'). Ei av desse var den gifte kvinna Guðríður Símonardóttir, som han hadde eit tilhøve med og gjorde gravid. Hallgrímur blei med dei lauskjøpte fangane tilbake til Island, der Guðríður fekk vita at mannen var død, og dei to gifta seg snøgt med kvarandre. Det uvanlege tilhøvet deira, medrekna at Guðríður var 16 år eldre enn han, vekte oppsikt.

Hallgrímur arbeidde som fiskar og arbeidar, men blei etter sju år tilbake på Island utnemnd til prest av Brynjólfur Sveinsson, som no var blitt biskop ved Skálholt. Også dette var noko uvanleg, ettersom Hallgrímur ikkje hadde fullført utdanninga si i København. Han skikka seg likevel godt som prest, først ved Hvalsnes og deretter ved den ettertrakta Saurbær i Hvalfjörður frå 1651 til 1669.

Hallgrímur Pétursson skreiv ei rekkje dikt, som Aldarháttur, Rímur af Lykla-Pétri og Magellónu, Króka-Refs rímur og ei samling moralske barnerim.

Då Hallgrímur blei spedalsk skreiv han eit verk på 50 Passiusálmar, salmar der han hans eiga liding og Jesus si glei saman. Samlinga blei svært populær på Island, og er blitt rekna blant den beste religiøse diktinga i verda.[1] Salmesamlinga blei først trykt i 1666 og var i 1999 kome ut i 68 opplag. Hallgrímur heldt seg populær på Island, og blei også trykt den danske salmeboka.

Hallgrimúr Pétursson døydde i Ferstikla. Hallgrímskirkja i Reykjavík er bygd til minne om han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Encyclopædia Britannica (2009), «Pétursson, Hallgrímur» 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «...rank among the best religious poetry of the world» Encyclopædia Britannica 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]