Barbareskkysten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barbareskkysten var namnet som vart gjeve til Middelhavskysten av Nord-Afrika1800-talet, hovudsakleg området som vert avgrensa av dagens Marokko, Algerie, Tunisia og Libya. Berberfolket har gjeve namn til området. I området rundt Middelhavet oppstod fleire viktige samfunn, grekarar, Romarriket, Fønikia og Imazighen.

Sjølv om Barbareskkysten vart rekna for å vere ei språkleg eining, språket var 'berber' (Tamazight), var det i oldtida aldri ei politisk eining. Etter at islam hadde gjort inntoget sitt hadde dei ulike områda ein felles grunn til å sameinast, og slik kunne almohadane samle regionen under styret sitt. Dette dynastiet av Imazighen herska òg over Spania (sjå maurarane).

Barbareskkaparane hadde eit dårleg rykte i Europa, desse sjørøvarane utførde raid i Middelhavet og store delar av Atlanterhavet opp til Island. Slavane dei tok, europearar og afrikanarar, vart selde på slavemarknader på Barbareskkysten.

Frå 1600-talet arrangerte europeiske handelsmakter straffe-ekspedisjonar for å slå desse kaparane. Den nederlandske sjøfararen Michiel Adriaenszoon de Ruyter var blant anna kjent som kaparjegar. I løpet av 1700-talet vart barbareskkaparane utrydda ved at stadane dei heldt i stor grad vart øydelagde av europeiske straffeekspedisjonar.

Det lukkast osmanarane å herske langs store delar av Barbareskkysten (Tamazgha), noko som òg medverka til å redusere kaparfarten. Berre den vestlege delen av dagens Marokko var utanom Det osmanske riket.