Hanau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hanau
Rådhuset i Hanau
Rådhuset i Hanau
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Hanau
Hanau is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Hessen
Darmstadt
Kreisfri by
Først nemnd i 1143
Geografi
Flatevidd
 - By

76,49 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

88 251
  1 154/km²
Koordinatar 50°8′0″N 8°55′0″EKoordinatar: 50°8′0″N 8°55′0″E
Høgd over havet 104 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 63450-63457
Telefon-retningsnummer 06181
Bilnummer HU
Heimeside: www.hanau.de

Hanau er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen ligg 25 km aust for Frankfurt am Main der elva Kinzig munnar ut i Main, som renn gjennom byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hanau vart først nemnd i 1143 og fekk byrettar i 1303.

På slutten av 1500-talet lét grev Filip Ludvig II protestantiske flyktningar frå Nederland slå seg ned nær Hanau, og desse førte med seg flinke gullsmedar. Av den grunn vert det framleis utdanna gullsmedar her.

På 1800-talet vart Neustadt, som han vart kalla, slått saman med Hanau. På denne tida var Hanau eit senter for den demokratiske rørsla i Tyskland og medverka mykje til den tyske revolusjonen i 1848. I 1848 vart Turnerbund grunnlagd her, eit turnforbund.

Under den andre verdskrigen vart Haunau nesten jamna med jorda etter britiske luftåtak i mars 1945, berre dagar før byen vart erobra av den amerikanske hæren.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjende attraksjonar er Goldschmiedehaus (tidlegare rådhus, Altstädter Rathaus), Schloss Philippsruhe og kurstaden Wilhelmsbad med park. Wildpark Alte Fasanerie er ein tradisjonsrik viltpark.

På markedsplassen står nasjonalminnesmerket for Grimm-brørne, rett føre Neustädter Rathaus. I nærleiken ligg Wallonisch-Niederländische Kirche, der Deutsche Turnerbund vart grunnlagd.

Den såkalla Deutsche Märchenstraße (eventyrruta) byrjar i Hanau og endar i Bremen. Hanau er òg utgangspunkt for den hessiske eplevinruta.

I adventstida kan ein sjå den største adventskalenderen i Hessen, då dei 24 vindauga i Neustädter Rathaus vert utsmykka av kunstnarar med strålande bilete som vert avdekte eitt og eitt i løpet av adventstida.

På onsdagar og laurdagar vert det arrangert marked på Marktplatz med bondeprodukt frå nærliggande Wetterau og Spessart.

Schloss Philipsruhe ved breidda av Main er eit stort slott som kan vitjast.

Personar[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke for brørne Grimm i Hanau

Hanau er fødestad for følgjande personar:

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Hanau er venskapsby med Dartford (Storbritannia), Tottori (Japan), Jaroslavl (Russland), Conflans-Sainte-Honorine (Frankrike), Francheville (Frankrike) og Doorn (Nederland), samt Waltershausen (Thüringen) og Pays de Hanau (Frankrike).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hanau

Kjelder[endre | endre wikiteksten]