Harald Zwart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harald Zwart

Harald Zwart (fødd 1. juli 1965 i Nederland) er ein norsk filmregissør og -produsent, fødd i Nederland, men oppvaksen i Fredrikstad og Lærdal. Han er bror av John-Anker Zwart.

Zwart er utdanna frå Nederlandse Film en Televisie Academie (Det nederlandske film- og televisjonsakademi) i Amsterdam, og har produsert fleire kortfilmar, reklamer og musikkvideoar. Han har laga filmar i Sverige, USA og Noreg. Mest kjend er han for å ha regissert filmane Agent Cody Banks, One Night at McCool's og Hamilton. Han er ein av initiativtakarane og deleigarane i film- og TV-produksjonselskapet Medieparken AS i Fredrikstad. Zwart driv òg to eigne produksjonsselskap, eitt for reklamefilm, Motion Blur, og eitt for spelefilm, Zwart Arbeid.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Før Hollywood[endre | endre wikiteksten]

Harald Zwart ville eigentleg verte popstjerne, men fann ut at det var for vanskeleg og valde i staden å gå filmvegen. Etter skulegang i Nederland, byrja han i reklamefilmproduksjonsselskapet Moland Film, de han etter kvart gjorde stor suksess. Blant anna for ein kampanje for merkevara Statoil.

Zwart søkte spelefilmstøtte i Norge for prosjektet 96, ein film om heimebrent, men fekk inga støtte. I staden vart svenskane interessert i han, på grunn av fleire gode reklamefilmar. Dei meinte Zwart var flink til å få film til å sjå dyrt ut for lite pengar, og dei gav han jobben som regissør for filmen (og TV-serien) Hamilton.

I Hollywood[endre | endre wikiteksten]

Filmen gjorde stor suksess, og snart fekk Hollywood augo opp for talentet til Zwart. Michael Douglas oppdaga òg talentet hans, og valde å produsere den første filmen hans, One Night At McCools (2001). Filmen hadde 18 millionar dollar i budsjett og eit lanseringsbudsjett på rundt 13 millionar dollar. Filmen var ingen stor publikumssuksess, (tapte 17,5 millionar dollar i følgje boxofficemojo.com) trass Michael Douglas, Matt Dillon og Liv Tyler i store roller. Likevel gav det Zwart truverde som regissør, og han fekk tilbod om å lage ungdomsfilmen Agent Cody Banks (2003). Zwart takka ja, saman med kona si Veslemøy Zwart (som frå dette tidspunkt vart produsenten hans). Filmen hadde eit produksjonsbudsjett på 28 millionar dollar. Cody Banks tente inn 5,8 millionar dollar og Zwart starta på oppfølgjaren Agent Cody Banks 2: Destination London (2004). Etter eit brot forklarte Zwart på si side norske aviser at dette var for tynt budsjett (26 millionar dollar) og at han hadde takka nei, medan produsentane av filmen uttalte at «Zwart var vorten erstatta».

Tilbake i Norge[endre | endre wikiteksten]

Etter dette flytta Zwart til Fredrikstad, og har sidan gjort fleire norske og internasjonale reklamefilmar, samt produsert to norske filmar, Lange flate ballær og Lange flate ballær II. Lange flate ballær vart ein enorm publikumssuksess, trass lågt budsjett og kort innspelingsperiode.

Det kan òg nemnast at Zwart har gjort to musikkvideoar for a-ha, mellom anna Velvet som fekk mykje merksemd på grunn av «nekrofilt» innhald. Zwart var den første nordmannen som vart medlem av prestisjetunge Directors Guild of America.

Hans faste samarbeidspartner og kamerat er Tom Gulbrandsen.

Zwart vann i 2007 sølv i Gullblyanten og Sølvfisken for ein reklamefilm for sjokoladen Smash. Han avslutta same år innspelinga av Lange flate ballær II, der han sjølv valde å ta regien. Filmen hadde premiere 14. mars 2008.

Zwart regisserte Pink Panther 2[1], ein oppfølghar til filmane om Den rosa panteren. Dette var den største Hollywood-kontrakten til ein nordmann nokon gong, men filmen vart ein stor flopp.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kortfilmar:

Filmer:

Sommaren 2004 opna han kaffebaren Zwart Kaffe i Gamlebyen i Fredrikstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harald Zwart lager Pink Panther 2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]