Harry Maslin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harry Maslin
Statsborgarskap USA
Fødd 20. hundreåret
Philadelphia
Yrke musikkprodusent, komponist

Harry Maslin er ein amerikansk lydteknikar og plateprodusent. Han var mellom anna produsent for David Bowie på midten av 70-talet på albuma Young Americans og Station to Station, men har òg produsert så kalla tyggegummipop for Bay City Rollers og Air Supply.

Maslin var fødd i Philadelphia og brukte tida på slutten av 60-talet i Electric Factory i Philadelphia, der han etter kvart vart dagleg leiar, før han starta som produsent på Regent Sound i New York City. Etter to år flytta han til Hit Factory og var lydteknikar for artistar som Dionne Warwick, James Taylor og Carly Simon. Det var her han fekk høvet til å jobbe med Bowie. Sjølv om mange av songane for Young Americans alt var ferdige, fekk Maslin høve til å produsere «Fame» med John Lennon på gjestevokal, og songen «Across the Universe». Bowie var nøgd med resultatet og bad Maslin med seg på det neste albumet, Station to Station. Dei slo seg ned i eit studio i Los Angeles. Innspelingane var prega av det store kokainmisbruket til Bowie, men albumet vart likevel ein stor hit både kommersielt og hos kritikarane då det kom ut. Maslin vart etter dette høgt akta i industrien.

Maslin flytta etter dette til Vestkysten der han vart produsent på fulltid. I denne perioden arbeidde han med artistar som Eric Carmen, Bay City Rollers og seinare Melissa Manchester. Han har sidan opna eit studio, Image Recording, og sidan 1980-åra har han slutta som produsent og teke over den daglege drifta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]