Young Americans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Young Americans
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 7. mars 1975
Innspelt August til november 1974 i Sigma Sound Studios, Philadelphia; Januar 1975 i Electric Lady Studios i New York
Sjanger Soul, funk, rock
Lengd 40:32
Selskap RCA Records
Produsent Tony Visconti, David Bowie og Harry Maslin
Kritikk
David Bowie-kronologi
David Live
(1974)
Young Americans Station to Station
(1976)

Young Americans er det niande albumet til David Bowie, gjeven ut på RCA Records i 1975. Bowie gjorde her ei brå og sjokkerande musikalsk vending, og byta ut glamrocken frå dei førre albuma med Philadelphia-soul med mellom anna ein ung og ukjend Luther Vandross som korist. I eit intervju i Playboy i 1976 skildra Bowie Young Americans som den definitive plastikksoul-plata. Ho er den skviste resten av etnisk musikk som har overlevd Muzak-rock, skriven og sungen av ein kvit brite."[4]

Young Americans inneheld den første singelen hans som gjekk til topps i USA, «Fame», som vart skriven i lag med John Lennon (som òg medverka på bakgrunnsvokal) og ein av gitaristane til Bowie, Carlos Alomar. Ein annan påverknad frå The Beatles kom fram i opningssongen, «Young Americans», der dei kvinnelege korsongarane syng ei tekstlinje frå «A Day in the Life». I tillegg spelar Bowie Beatles-songen «Across the Universe». Det er òg første gong rytmegitarist Carlos Alomar spelar med Bowie. Han vart etter kvart fast i backingbandet hans.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Young Americans»   5:10
2. «Win»   4:44
3. «Fascination» (Bowie, Luther Vandross) 5:43
4. «Right»   4:13
Side to
# Tittel Lengd
5. «Somebody Up There Likes Me»   6:30
6. «Across the Universe» (John Lennon, Paul McCartney) 4:30
7. «Can You Hear Me»   5:04
8. «Fame» (Bowie, Carlos Alomar, Lennon) 4:12

Nye utgåver[endre | endre wikiteksten]

Albumet har vorte gjeve ut på CD fire gonger, og den første gongen av RCA i 1984, den andre i 1991 av Rykodisc (med tre bonusspor), den tredje var i 1999 av EMI (med nymastra lyd utan bonusspor). Fjerde gongen var på PAL DVD 19. mars 2007, med betre lydoppløysing og lydmiks i 5.1 kringlyd. I tillegg hadde utgåva dei same bonusspora som på Rykodisc-utgåva og videoklipp frå TV-showet til Dick Cavett.

Bonusspor 1991[endre | endre wikiteksten]

  1. «Who Can I Be Now?» – 4:35
  2. «It's Gonna Be Me» – 6:29
  3. «John, I’m Only Dancing (Again)» – 6:58

Bonusspor 2007[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I’m Only Dancing (Again)»
  2. «Who Can I Be Now?»
  3. «It's Gonna Be Me» (alternativ versjon med strykarar)
  4. «1984» (frå Dick Cavett Show, berre på DVD)
  5. «Young Americans» (frå Dick Cavett Show, berre på DVD)
  6. «Dick Cavett intervjuar David Bowie» (berre på DVD)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Young Americans – Blender». Blender. http://www.blender.com/guide/back-catalogue/53906/young-americans.html. Henta 6. mai 2011. 
  2. Gareth Grundy Q, Mai 2007, Issue 250.
  3. Stephen Troussé Uncut, April 2007, Issue 119.
  4. «Interview with David Bowie». Playboy. September 1976. http://www.teenagewildlife.com/Appearances/Press/1976/0900/playboy.html. 
  5. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.72-73