Fame av David Bowie
| Fame Singel av David Bowie frå albumet Young Americans |
||
| B-side | «Right» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 25. juli 1975 | |
| Innspelt | Electric Lady Studios, New York januar 1975 | |
| Sjanger | Funkrock | |
| Lengd | 3:30 singel 04:12 album |
|
| Selskap | RCA Records Rykodisc/EMI («Fame '90») |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie, Carlos Alomar, John Lennon | |
| Produsent | Harry Maslin, David Bowie | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Young Americans» (1975) |
Fame | «Golden Years» (1975) |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Never Let Me Down» (1987) |
Fame | «Real Cool World» (1992) |
«Fame» er ein song spelt inn av David Bowie i 1975 for albumet Young Americans. Han nådde førsteplassen på Billboard Hot 100 i september 1975.
Det meste av innspelinga til albumet Young Americans var ferdig seint i 1974, då utgjevinga vart utsett medan Bowie prøvde å kome seg ut av kontrakten sin med manager Tony DeFries. På denne tida budde han i New York og møtte der John Lennon. Paret hang ut i lag og spelte saman, noko som førte til ein innspelingsdag i Electric Lady Studios i januar 1975. Der tok Bowie kontakt med fleire frå turnebandet sitt. Først spelte dei inn ein coverversjon av The Beatles sin «Across the Universe». Så vart ein ny song kalla «Fame», inspirert av eit gitarriff skriven av Carlos Alomar og med ein tittel frå Lennon, raskt utvikla av Bowie, og innspelt. Begge songane vart så lagt til Young Americans. Sjølv om han bedde medverka i liten grad, vart Lennon tilskriven for å ha skrive delar av teksten, inspirert av samtalar han hadde med Bowie om temaet å vere berømt. Bowie hevdar at det at Lennon song «Fame!» over riffet til Alomar, var det som starta skrivinga av heile songen. Ein kan òg høyre Lennon synge «Fame» med stemma rask, normal og så langsam.
«Fame» vart den største hitten til Bowie fram til då i USA. Det var den einaste førsteplassen hans på Billboard Hot 100, samt den første singelen hans som nådde Topp 10 i USA.
«Fame» nådde berre 17. plass i Storbritannia og 9. plass i Noreg.
B-sida til singelen var «Right», medan ein alternativ versjon som kom seinare hadde «Golden Years» som B-side. Den italienske versjonen av singelen hadde «Space Oddity» som B-side.
Innhaldsliste |
[endre] Musikarar
[endre] Fame
- David Bowie – Vokal, gitar
- John Lennon – Vokal, gitar
- Carlos Alomar – Gitar
- Emir Kassan – Bass
- Dennis Davis – Trommer
- Ralph McDonald – Perkusjon
[endre] Right
- David Bowie – Vokal, gitar
- Willie Weeks – Bass
- Mike Garson – Piano
- Andy Newmark – Trommer
- David Sanborn – Saksofon
- Pablo Rosario – Perkusjon
- Larry Washington – Conga
- Luther Vandross, Robin Clark, Ava Cherry – Korvokal
[endre] «Fame '90»
Ein nymiksa versjon av «Fame» vart gjeven ut av EMI i 1990 i samband med Sound + Vision-turneen og utgjevinga av samleplata ChangesBowie. «Gass Mix» av songen finst òg på filmmusikken til filmen Pretty Woman.
[endre] Innhald
- «Fame '90» (med Queen Latifah) – 4:10
- «Fame '90» (House mix) – 5:58
- «Fame '90» (Gass mix) – 3:36
- «Fame '90» (Hip hop mix) – 3:10
- «Fame '90» (Absolutely Nothing Premeditated/Epic Mix) – 14:25
Filmregissør Gus Van Sant regisserte ein musikkvideo for denne versjonen med mange klipp frå tidlegare Bowie-videoar. Ein kan òg sjå klipp av Bowie som dansar med Louise Lecavalier, ein av sandarane i dansetruppen La La La Human Steps (som Bowie samarbeidde med på Sound + Vision-turneen).
[endre] Konsertversjonar
- Eit konsertopptak frå Heroes-turneen frå Philadelphia Spectrum, 28-29. april 1978, vart gjeven ut på Stage.
- Ein oppdatert versjon spelt inn i BBC Radio Theatre, 27. juni 2000, vart gjeven ut på disk 3 av Bowie at the Beeb og på BBC Radio Theater: London June 27, 2000.
- Eit konsertoptak frå Nassau Coliseum frå Station to Station-turneen i 1975, var ein del av deluxe-utgåva av Station to Station i 2010.
[endre] Andre utgjevingar
- Songen finst som B-side til den amerikanske singelen «Beauty and the Beast» i januar 1978.
- Songen finst på fleire samleplater:
- ChangesOneBowie (1976)
- Fame and Fashion (1984)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Best of 1974/1979 (1998)
- Best of Bowie (2002)
- Have a Nice Decade: The 70s Pop Culture Box (1998) inneheld singelversjonen.
- «Fame '90»-miksen finst òg på:
- Changesbowie (1990)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
- Han vart gjeven ut som biletdisk i RCA Life Time-biletdisksett.
[endre] Bruk i film og fjernsyn
- Bowie spelte songen i 1975 i ein episode av Soul Train, ein av få kvite artistara som har deltak i denne serien med svart musikk.
- I 1990 var ein ny miks nytta i filmen Pretty Woman
- Filmen A Soldier's Daughter Never Cries av James Ivory og Ismail Merchant.
- Filmen Copycat under ein mordscene i ein bar.
- Filmen Next Friday.
- Ein episode av Nip/Tuck.
- Ein episode av Doogie Howser, M.D..
- Ein episode av Ashes to Ashes
- Ein episode av Lizzie McGuire.
- Han finst som spelarbar song i videospelet Guitar Hero 5
- Han vert omtalt av Method Man i «Protect ya neck» av Wu-tang Clan.
[endre] Andre versjonar
- James Brown - singel
- Dennis Coffey - Finger Lickin Good (1975/USA/Westbound)
- Duran Duran - «Careless Memories»; finst på Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs
- Egostatic - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
- Eurythmics - bonusspor på Touch (1983)
- The Feelies - Something Wild
- FuckEmos - Only Bowie (1995)
- God Lives Underwater - Up Off The Floor (2004)
- Nina Hagen - Refrenget Nina Hagen-songen «Heiss» er vokalparten og linja «Is it any wonder» frå «Fame»
- Infectious Grooves - Sarsippius' Ark (1993)
- Jay-Z - «The Takeover» nyttar ein sample frå songen (2001)
- Tommy Lee - Som «Fame 02» på Never a Dull Moment
- Love and Money - Singel
- Dave Matthews Band - Konsert
- Umphreys McGee - Konsert
- George Michael - Konsert 1991
- Rie Miyazawa - japansk versjon kalla «Game» (1990, 3" CD single)
- Pearl Jam - Konsert
- RC - Dr. Dre Presents...The Aftermath (1996)
- The Rockridge Synthesiser Orchestra - Plays David Bowie Classic Trax
- Stardust - Konsert
- Stickfigure - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- Vanilla Ice - Mind Blowin' (1994)
- Scott Weiland - med Paul Oakenfold på "Happy" in Galoshes, 2008
- Lady Gaga - Sampled rytmen på den tidlege songen «Fancypants»
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fame (David Bowie song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5