Hautes Fagnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landskap i Hautes Fagnes
Vinterlandskap i Hautes Fagnes

Hautes Fagnes (tysk Hohes Venn; nederlands: Hoge Venen (tyder høge myrer) er eit høgareliggande område i provinsen Liège (Belgia) og nærliggande område av Tyskland mellom Ardennane og høglandet Eifel. Det høgaste punktet, på 694 meter, er Signal de Botrange nær Eupen, som òg er det høgaste punktet i Belgia. Ein stor del av Hautes Fagnes ligg innanfor den tysk-belgiske naturparken Hohes Venn-Eifel.

Hautes Fagnes består hovudsakleg av lyngmoer og skog, og strekkjer seg mellom Eupen i nord, Monschau i aust, Spa i vest og Malmedy i sør. Det er det mest regnfulle området i Belgia med 1 500-1 700 mm i året, og er eit myrlendt område. Fleire elvar har sitt utspring i Hautes Fagnes: Vesdre, Hoëgne, Warche, Gileppe, Eau Rouge, Amblève, Our, Kyll og Roer. Det finst fleire kunstige innsjøar i området.