Eifel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laacher See, ein av innsjøane i Vulkaneifel
Landskap i Eifel
Om vinteren er Eifel ofte dekt av snø

Eifel er ei låg vulkansk fjellkjede vest i Tyskland. Han ligg i sørvestlege delar av Nordrhein-Westfalen og nordvest i Rheinland-Pfalz.

Eifel grensar til elva Mosel i sør og til Rhinen i aust. I nord held kjeda fram som Hautes Fagnes (Hohes Venn) og i vest Ardennane. Ardennane og Eifel er eigentleg den same geologiske regionen og dei er eit enkelt vulkanfelt.

I tertiærtida var Eifel eit omfattande vulkanområde. Nokre av åsane er vulkanske skorsteinar og innsjøane i området er tidlegare vulkankrater. Det siste utbrotet fann stad for rundt 10 000 år sidan. Vulkansimen i Eifel er skapt av ein søylestraum, ein stad der varmt stoff frå djup i mantelen stig til overflata. Forsking har vist at mantelplumen framleis er aktiv. Eifelområdet stig 1-2 mm kvart år. Tidlegare hadde Eifelvulkanane inaktive fasar på 10 000 til 20 000 år mellom aktive fasar, noko som tyder at det kan vere mogelege utbrot her i framtida.

Det er fleire kjeder innanfor Eifel:

  • Den nordlegaste heiter Ahrgebirge og stig opp nord for elva Ahr i landkreis Ahrweiler.
  • Sør for elva ligg Hohe Eifel, der ein finn det høgaste fjellet i Eifel, Hohe Acht på 747 meter.
  • I vest, ved den belgiske grensa, ligg åsane som vert kalla Schneifel (opphavleg Schnee-Eifel som tyder «Snø-Eifel»), som er opp mot 698 meter høge.
  • Den sørlege halvdelen av Eifel er ikkje like høge. Ho vert kryssa av fleire elvar som går frå nord til sør mot Mosel. Den største av desse elvane er Kyll, og åsane på kvar side av denne elva vert kalla Kyllwald.
  • I sør endar Eifel med Voreifel i nærleiken av Mosel.
  • Nürburgring, ein av dei mest kjende bilbanane i verda ligg i Eifel. Den nordlege sløyfa (Nordschleife) av banen vert òg kalla «det grøne helvete» (Grüne Hölle), sidan ho er ein lang, vanskeleg og farleg del gjennom den lokale skogen.

Sidan 2004 har eit 110 km² stort område av Eifel vore ein del av Eifel nasjonalpark.

Ein attraksjon i området er Eifelakvedukten, ein av dei lengste akveduktane i Romarriket, som gjev byen Köln vatn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Mittelgebirge

Bayerischer Wald | Böhmerwald | Eifel | Elbsandsteingebirge | Erzgebirge | Fichtelgebirge | Dei frankiske Alpane | Frankenwald | Harz | Hessisches Bergland | Hunsrück | Lausitzer Bergland | Oberpfälzer Wald | Odenwald | Pfälzerwald | Rhön | Sauerland | Schwabisk Alb | Schwarzwald | Spessart | Taunus | Thüringer Schiefergebirge | Thüringer Wald | Vogelsberg | Westerwald | Zittauer Gebirge