Havålfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Havålfamilien


Ein tropisk havålart
Ein tropisk havålart som lever på korallrev

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Anguilliformes
Familie: Congridae
Vitskapleg namn
Congridae

Havålfamilien er ein stor familie reint saltvasslevande ålefisk som hovudsakleg er utbreidd i Stillehavet. Nokre artar lever òg i Atlanterhavet og Det indiske hav. Dei fleste artane er tropiske, men somme lever òg i tempererte strok. I Noreg førekjem èin art; havål.

Havålfamilien omfattar rundt 150 artar, fordelt på 32 slekter.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Alle havålartane manglar skjel, er utstyrte med kraftige kjevar og har tverrtappar på oversida av ryggvirvlane sine. Som regel har dei brystfinnar.

Dei fleste havålar er nattaktive rovfisk som lever av fisk og krepsdyr. Dei finst helst på djupt vatn, bortsett frå dei få tempererte artane. Artane i underfamilien Heterocongrinae, lever i koloniar i sandbotn, og kjem opp for å ete plankton om natta.