Hava nagila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hava Nagila)
Gå til: navigering, søk
Midiversjon av melodien til «Hava nagila».

«Hava nagila» (hebraisk הבא נגילה) er ein jødisk song skriven av Abraham Zvi Idelsohn til ein hasidisk folketone. Namnet til songen tyder «Lat oss gleda oss», og han er dimed mest brukt som ein feiringssong. Songen er ein av dei best kjende jødiske folkesongane og er ofte brukt i populærkultur som eit symbol for jødedommen.

Opphav og oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Tonen som me i dag kjenner som «Hava Nagila» var opphavleg ein niggun — ein slags ordlaus song — sungen av hasidiske jødar i Sadigora, ein ukrainsk landsby. Ei gruppe Sadigorer-hasidim flytta til Jerusalem rundt slutten av 1800-talet. Der var tonen oppdaga i 1915 av Idelsohn, som då var leiaren hjå musikkorpset i den ottomanske hæren. Idelsohn var svært oppteken av å ta opp, skriva ned og samla gamle jødiske folkemusikktradisjonar frå ulike land. Han meinte at dei kunne brukast som grunnlaget for ein ny nasjonal musikkstil for det jødiske folket, og prøvde å skriva nye visetekstar på hebraisk som kunne passa dei gamle melodiane. Mangein av dei vart svært populær mellom jødar i dagens Palestina.

Ein ny songtekst[endre | endre wikiteksten]

I 1918 planla Idelsohn ein feiringskonsert i Jerusalem for å hylla den britiske sigeren over det ottomanske imperiet. Han valde den hasidiske tonen frå Sadigora, og skreiv for han ein songtekst på hebraisk.

Hebraisk tekst Norsk transkripsjon Norsk omsetjing

הבה נגילה
הבה נגילה
הבה נגילה ונשמחה

Hava nagila
hava nagila
hava nagila venis'mecha

Lat oss jubla
lat oss jubla
lat oss jubla og gleda oss!

הבה נרננה
הבה נרננה
הבה נרננה ונשמחה

Hava neranenah
hava neranenah
hava neranenah venis'mecha

Lat oss syngja
Lat oss syngja
Lat oss syngja og gleda oss!

עורו, עורו אחים
עורו אחים בלב שמח

Uru, uru achim
uru achim b'lev sameach

Våkne, våkne brør!
Våkne brør med glade hjarto

עורו אחים, עורו אחים
בלב שמח

uru achim, uru achim
b'lev sameach

Våkne brør, våkne brør
Med glade hjarto!

Utgangspunktet for songen var det 24. verset i den 118. salmen, som Idelsohn skreiv om for å få det fyrste verset i songen:

Ze hayom asah adonai, nagila venis'mecha bo
«Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!»

I seinare år hevda Moshe Nathanson at det eigentleg var han som skreiv songteksten som tolvåring medan han var elev hjå Idelsohn, men denne påstanden gjekk Idelsohn aldri med på.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste førestillinga gjorde songen svært omtykt i Jerusalem. Songen snart spreie seg over heile landet og vidare i verda, der han vart oppfatta som ei palestinsk-jødisk folkevise. I løpet av 1920- og 1930-åra kom songen til å verta inkludert i dei fleste songbøkene for jødiske barn. Songen, som i opphav var roleg, fekk ein raskare rytme, og ved sluttinga av 1940-åra var han sungen og dansa som ei hóra-dansevise. Songen vart meir og meir folkekjær, og er i dag ein vanleg del av dei fleste jødiske feiringar. Han har også funne ein plass i populærkulturen, og har vorte spelt av ei rekkje jødiske og ikkje-jødiske musikarar, som Josephine Baker, Harry Belafonte, Neil Diamond, Bob Dylan, Connie Francis, Lena Horne og André Rieu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Video der Andre Rieu framførar Hava Nagila i Albert Hall (på Youtube).