Henri Rousseau
Henri Rousseau | |
Pseudonym | Le Douanier Rousseau, Le Douanier, Celník |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 21. mai 1844 Laval i Frankrike |
Død |
2. september 1910 (66 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, kunstnar |
Sjanger | landskapsmåleri, figurmåleri, stilleben |
Henri Rousseau på Commons |
Henri Julien Félix Rousseau (21. mai 1844–2. september 1910) var ein fransk post-impresjonistisk målar med ein naivistisk eller primitivistisk målemåte. Han er også kjent som «Le douanier» (tollaren) etter yrket. I samtida vart han møtt med mykje flir, sidan har han vorte heva til ein framståande plass i kunsthistoria.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Rousseau var son til ein røyrleggar frå Laval i Mayenne i Frankrike, og vart først tilsett et lite sakførarfirma. Der var han uheiderleg, og tok ein fireårskontrakt med militæret (1863–67). Etter faren døydde i 1868 gifta han seg og flytta til Paris. Han tok med seg mora si, og for å forsørgje henne tok han stilling i tollvesenet. I 1871 vart han forfremja til skatteinnkrevjar. Då han var vel 40 år gammal byrja han for alvor å måle. 49 år gammal sa han opp stillinga for å verte kunstmålar på heiltid.
Rousseau hevda at det var naturen sjølv som var læremeisteren, trass i at han vedgjekk å ha hatt nytte av råd frå dei to akademi-kunstnarane Félix Auguste-Clément og Jean-Léon Gérôme. I hovudsak var han likevel sjølvlærd, sett vekk frå kunnskapen om grunnleggande måleteknikkar.
Rousseaus mest kjende verk skildrar jungelscener, sjølv om han aldri besøkte ein jungel. Inspirasjonen fann han i dyrehagar, illustrerte verk og utstoppa dyr på museum. Han snakka også med militære veteranar som kunne fortelje korleis det var i jungelen. Til ein kunstkritikar så han at «når eg går inn i eit drivhus og ser på eksotiske plantar, har eg ei drøymerøyndomsoppleving». Jamsides slike bilete laga han små byscener frå Paris sentrum og omland.
Rousseau døydde i Paris hausten 1910. Mellom dei som fylgde han til grava var Paul Signac, Robert Delaunay, skulptøren Constantin Brâncuși og diktaren Guillaume Apollinaire.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Henri Rousseau» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juni 2012.