Henrik III av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henrik III av Frankrike
Henri III (livre d'Heures de Catherine de Medicis).jpg
Konge av Frankrike og Polen
Andre namn fransk Henri III, polskHenryk III Walezy, Henryk Walezjusz (Henrik av Valois)
Fødd 19. september 1551
Død 2. august 1589 (37 år)
Føregjengar Sigismund II av Polen
Karl IX av Frankrike
Etterfølgjar Stefan Báthory av Polen
Henrik IV av Frankrike
Ektefelle Louise av Lorraine
Hus Huset Valois (Valois-Angoulême)
Born Ingen

Henrik III (19. september 15512. august 1589) var konge av Polen (1573-1574) og deretter konge av Frankrike (1574-1589). Han var bror av kong Frans II og Karl IX, og den siste kongen frå huset Valois.

Henrik vart fødd som Edouard-Alexandre ved det kongelege slottet Fontainebleau i Seine-et-Marne. Han var den fjerde sonen til Kong Henrik II og Katarina av Medici. Faren døydde då Henrik var sju år, og den femtenårige eldstebroren hans Frans blei konge. Henrik blei utnemnd til hertug av Angoulême og Orléans som niåring (1560) og hertug av Anjou då han var femten (1566). Han fekk namnet Henri (Henrik) då han var tretten.

Henrik blei ikkje forventa å skulla herska over Frankrike, og han vart vald til konge av Polen-Litauen i 1573. Etter berre eit år i Polen døydde den bror hans, den dåverande franske kongen Karl IX, og Henrik rømde han tilbake til Frankrike for å bli konge der. Han vart krona i katedralen i Reims i 13. februar 1575. To dagar seinare gifta han seg med Louise av Lorraine-Vaudémont.

Henrik III innstiftar heilagandsordenen. Måleri frå 1586 av Guillaume Richardière.

Regjeringstida til Henrik III vart prega av religionsstrid mellom protestantisme og katolisisme. Før han kom på trona, leia Henrik den kongelege hæren i den franske religionskrigen mot hugenottane og deltok i sigrane over dei i Jarnac og Moncontour. Han bidrog under Bartolomeusnatta, der tusenvis av hugenottar vart drepne. I tida like før han blei utnemnd til polsk konge beleira han den hugenott-styrte byen La Rochelle.

Som konge gav Henrik ut Beaulieu-ediktet, som gav attende mange rettar til hugenottane. Dette førte til kraftig opposisjon blant mange mektiga katolikkar, og hertugen Henrik av Guise oppretta den ytterleggåanade katolske ligaen. Kongen måtte trekkja dei fleste rettane tilbake att. Under press frå hertugen av Guise gav han seinare ut eit edikt som fråtok den protestantiske tronarvingen Henrik av Navarra retten til den franske trona. I 1578 innstifta han heilagandsordenen.

Etter at den spanske armadaen fall i 1588, følte Henrik III seg tryggare mot den katolske ligaen. 23. desember det året fekk han hertugen av Guise og bror hans, kardinalen Louis, drepne ved slottet sitt i Blois. Drapa vende mange folk mot han, og han allierte seg med Henrik av Navarra for å slå ned opprøret. U august året etter, dagen før han planla å ta tilbake Paris, blei kongen drepen av dominikanarmunken Jacques Clément. Han blei etterfølgd av Henrik av Navarra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henrik III av Frankrike

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.